Meny
Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund kommune i Sogn og Fjordane og fylkestingsmedlem i Vestlandet

Ei skjerefjøl frå sløyden

Eg har rydda!

Etter å ha bytta ut timelange bil-og ferjeturar til fastlandet med heimekontor og teamsmøte, har kveldane det siste året fått eit anna innhald. Eg har endeleg fått tid til å gå laus på nokre av dei inste krokane på loftet, kassar med attgløymde «flyttelass» etter borna som for lengst er blitt vaksne, bøker, klede og ei utruleg mengd med «ting» som eg ein gong skulle få bruk for, skriv Gunn Åmdal Mongstad.

- Månadens meiningsytring i Senterpartistemmer er skriven av Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund kommune i Sogn og Fjordane og fylkestingsmedlem i Vestlandet

 

I desse kassane dukkar det også opp forseggjorte produkt  frå borna si skuletid. Fletta korger, keramikkvasar, strikka kuvertbrikker, ulike variantar av biletkunst, lampar og sjølvsagt ei skjerefjøl.. sjølvaste symbolet på det første verkelege trearbeidet, fint pussa og dekorert med store svidde initialar  så ingen skulle vere i tvil om opphavsretten.

Dette har også fått meg  til å tenke tilbake på mi eiga ungdomsskuletid og det som for meg var vekas høgdepunkt,  timane i handarbeidssalen hjå Sigrid. Sigrid var ei lita, stillferdig eldre dame, og ho let meg få sy heile bunaden til konfirmasjonen, sjølv om det også medførte mykje heimearbeid.  Desse timane var for meg ein fristad.  Å få lov til å skape noko med hendene, lage noko eg såg eit synleg resultat av og noko som skulle vare. Og eg lærte eit handverk som eg seinare har hatt stor glede og nytte av.

Det er nokre års øving frå skjerefjøl til bunadssaum, men ein stad startar det. Det å få bruke hendene og oppleve å lage noko som ein er stolt over, lite eller stort.

Sikrar vi slike «fristader» for borna i dag, arenaer der dei kan få skape, lære, bruke hender og hovud i lag? Og få ein annan inngang til det som for mange er krevjande teori?

Nyleg fekk vi på NRK sjå Trygve på besøk hjå Norsk Gjenvinning som viste dei enorme mengdene med møblar som kvar dag vert kasta. Det same veit vi  gjeld for m a klede og elektronikk. Svært mykje av dette kunne vore brukt på nytt dersom vi hadde hatt gode system for det.

I ei berekraftig framtid, må det skje endringar i kvardagen vår. Vi må endre kjøpemønster og i større grad reparere og bruke opp att. Og fleire må kunne ha dette som leveveg.  Til dette treng vi både teoretisk og praktisk kunnskap.

Eg ynskjer meg fleire skuletimar der hendene i mykje større grad får arbeide saman med tanken. Det må gjelde i alle fag. Praktisk kunnskap må verdsetjast høgare og skulane må få rom til å skape dei gode læringsstundene i både dei praktisk estetiske faga og i dei tradisjonelle teorifaga.

Og meistrar ein skjerefjøla, går ein lett  laus på nye oppgåver.

For eit par veker sidan tok vi eit siste farvel med Sverre, formingslæraren som mangla ein halv finger, og som i over 40 år lærte alle skuleelevar i Solund å bruke sag, høvelbenk og symaskin. I om lag alle heimar i kommunen finst det spor etter undervisninga hans. Og heilt sikkert mange skjerefjøler.

I ryddetoktet mitt kom eg ikkje unna ei viss sortering. Men skjerefjøla skal få bli.

For den høyrer med i ei berekraftig framtid.