Meny

Ein miljøpolitikk som er meir enn symbol

Det er ikkje akkurat alle fylkessamanslåingar som er spesielt vellukka, men i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget er samarbeidet mellom Troms og Østfold aldeles strålande. Med kvart sitt kontor, vegg i vegg, i andre etasje på Stortinget sit Sandra Borch frå Troms og Ole André Myhrvold frå Østfold. 

Av Karl Kristian Langeland

Energi- og miljø på ynskjelista

Begge nye på Stortinget, men med lang politisk erfaring bak seg. No er det dei to som skal kjempe Senterpartiet sine saker i Energi- og miljøkomiteen. Det verkar dei begge til å vere godt nøgde med.

- Energi- og miljøkomiteen stod på ynskjelista så det var veldig fint å hamne der. For meg er dette eit av dei viktigaste felta der vi både skal ivareta norske interesser på kraft, olje og energi, samstundes som både vi og verda må omstille. Det er ei krevjande øving, men heilt naudsynt. Verda har alt for lenge lete att auga for klimaendringane, så no har vi både dårleg tid og må bruke hardare tiltak. Kollegialt består komiteen  tverrpolitisk av ein fin og engasjert gjeng, seier Myhrvold.

Ansvar for våre viktigaste naturressursar

Også den tidlegare leiaren av Senterungdommen, Sandra Borch, hadde Energi- og miljøkomiteen på si ynskjeliste.

- Eg er veldig nøgd. Dette er ein komité som har ansvar for mange av våre viktigaste naturressursar, eit område som er viktig for Senterpartiet. Det handlar om å sikre nasjonalt eigarskap, samstundes som vi skal forvalte våre ressursar på ein berekraftig måte. Vi kan ikkje «frede oss fram» til ei berekraftig utvikling, vi må ha fornuftig bruk av naturen. Folkeleg deltaking og engasjement er ein av berebjelkane i vår miljøpolitikk, seier Borch.  

Begge vil ha kompetanse

Med seg som rådgjevar i komiteen har dei fått med seg Else Marie Rødby frå Buskerud. Førebels har dei ikkje delt oppgåvene i komiteen mellom seg. I alle fall ikkje «sylskarpt» kan Myhrvold fortelje.

- Vi ynskjer begge å få generell oversikt og kompetanse på heile komiteen sitt ansvarsområde. For å lette arbeidsbyrden vil vi dele oss etterkvart, og truleg vil Sandra ha ansvar for klima, naturmangfald og rovdyr, medan eg har ansvar for energi, olje og gass, seier Myhrvold.

Store saker i Energi- og miljøkomiteen

Kva er dei store sakene som kjem til å kome i dykkar komité denne sesjonen?

- Vi har akkurat levert innstilling på avfallsmeldinga, og dei neste store sakene er EU sin tredje energimarknadspakke og klimameldinga, seier Myhrvold. I tillegg er det fremja ei rekkje viktige saker som går på ein ny rovdyrpolitikk, utjamning av nettleiga og å fjerne det funksjonelle skillet for å også ivareta dei mindre nettselskapa.
 

Senterpartiet skal markere seg

Når det kjem til korleis skal Senterpartiet skal kunne markere seg med sin politikk innanfor dette fagområdet er planen klar.

- Vi skal ta utgangspunkt i dei endringane som må til, men samstundes ivareta folk. Vi må ha ein miljøpolitikk som er meir enn symbol, og som gjev folk moglegheita til å leve sine liv i hele landet. Det er mange viktige saker som skal opp til behandling det neste året som er viktige for Sp og som vi vil markere oss på. Det gjeld ACER, rovdyr og ein klimastrategi som tek utgangspunkt i realistiske løysingar som gjer at Noreg kan vere med å kutte sine klimautslepp, men også utvikle teknologi som innanfor eksempelvis karbonfangst og lagring som også kan brukast i andre land, seier Borch.
 

Bratt læringskurve

Som nye på Stortinget er dei begge tydelege på at læringskurva har vore bratt, men interessant.

- Det er et privilegium å få vere med på å setje dagsorden, og forhåpentlegvis bidra til at verda også blir ein god stad å leve også for våre born og etterkvart barnebarn. Det er motivasjon i seg sjølv, avsluttar Myhrvold.

For videre kontakt med Sps folk i Energi- og miljøkomiteen, kan du sende e-post til politisk rådgiver Else Marie Rødby: [email protected]