Meny

Enda fleire lokallag i kjømda!

Senterpartiet kjem stadig nærmare målet sitt om å kunne ha lokallag i alle kommunar. Berre i august var leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, både på Værøy, Røst, Moskenes, Sula og Hareid for å motivere innbyggjarane til å bli med på laget.

På vesle Røst med litt over 500 innbyggjarar møtte kring 30 personar opp og kom med konkrete tilbakemeldingar på kva som var viktig for dei, mange nye medlemmer vart det også. Dei andre stadane som har fått besøk har sett pris på besøket og kome med tydelege tilbakemeldingar på alt frå fiskeripolitikk, samferdsle og skulepolitikk til fortvilelse over sentraliseringa som føregår.

Det vil no bli arbeida vidare lokalt med å forsøke å starte opp lokallag i desse kommunane. Det blir det også jobba med både på Kvitsøy i Rogaland og Fedje i Hordaland som får besøk av Trygve 10 og 11 september. I Finnmark er det no berre tre kommunar Senterpartiet manglar lokallag i, berre det er eit fantastisk resultat om ein ser korleis ståa var berre litt tilbake i tid. Dei tre kommunane (Berlevåg, Lebesby og Båtsfjord) som manglar lokallag får besøk av senterpartileiaren 24 og 25 september. 

Kjenner du nokon som du trur kunne tenkje deg å bli med på laget? Enten i ei av kommunane over, eller andre stader i landet, så er det framleis lov å verve folk. Desto fleire vi blir i 2018, desto sterkare står vi framfor valet i 2019.

 

hareid
Hareid: Godt oppmøte og stort engasjement då Trygve besøkte Hareid. Kring 10 nye medlemmar vart det også.