Meny

Etter ein tørkesommer

Av Geir Pollestad, Stortingsrepresentant frå Rogaland og leiar i Stortingets næringskomite

Det har vore ein fæl sommar for mange av landet sine matprodusentar. Det handlar mellom anna om for lite fôr til dyra, om kornåkrar som liknar på ørken og om dårlige avlingar for dei som produserer grønsaker.

Trass i at me har ordningar for avlingsskade, så er det mange bønder som vil få eit tøft økonomisk år. Eg meiner me må ta ein diskusjon om korleis me kan betra ordningane både for dette året, men ikkje minst for framtida.

Denne saka har eit anna og langt større perspektiv enn kva som skjer med bøndene i år: Korleis skal me skal sikra vår nasjonale evne til å produsera mat i framtida og kor rusta er me til å forsyna eigen befolkning med mat i framtida.

Eg ser det går ein debatt om tørken er eit resultat av menneskeskapte klimaendringar eller ikkje. Det meiner er på mange måtar er eit blindspor. Dei fleste ser at klimaet endrar seg og vert meir ustabilt. Det må me tilpasse oss til utan omsyn til kva som gjorde at sommaren 2018 var tørr. 

Eg meiner at me har eit godt utgangspunkt i Noreg. Me har eit landbruk i heile landet og me har framleis ein størrelse på gardsbruka som gjer at me er i stand til å nytta ressursane i landet til å produsera meir mat.

Me har sett i sommar kor viktig jordbruket i Nord-Norge er. Når avlingane slår feil i sør er det godt å ha ein god sommar i nord. Det bidreg til å oppretthalde vår evne til å produsera mat i Noreg. Så veit me at jordbruket i nord er blitt utarma dei siste åra. Sommaren i år bør vera eit argument for å gjera noko med det. Me treng eit landbruk i heile landet.  

Eit mangfald med både små og store gardsbruk er også viktig for å greie å utnytte dei ressursane me har. Når bruka ikkje er for store så er bonden i stand til å hauste krevjande areal for å få for til dyra sine. Sjølv om eg ikkje likar ordet – så gjer det matproduksjonen vår meir robust. Lat oss difor stoppe høgresida som elskar å setja grupper av bønder opp mot kvarandre.

Sommaren i år har og tydeleg vist at matproduksjonen er sårbar. Av omsyn til beredskapen må me difor raskast mogleg setja i verk tiltak. Eg meiner at me alt denne hausten må gjera vedtak og løyva pengar til å styrka beredskapslagringa av såkorn og innføra beredskapslager av matkorn.

Eg har i sommar besøkt fleire bønder som har vore råka av tørke. Det har gjort inntrykk på meg og gitt meg motivasjon til å arbeide enda hardare for å få til ein skikkelig offensiv jordbrukspolitikk.

Eit kvart land har både rett og plikt til å brødfø si eiga befolkning. Eg meiner at sommaren me har hatt gjer det naudsynt for fleire parti å tenka nytt om matproduksjon og nasjonal mattryggleik. Då nytter det ikkje å drøyme om å innføra EUs landbrukspolitikk i Noreg.