Meny
Jan Bøhler (Sp): - Senterpartiet er verkeleg nær folk, både i teori og praksis.

Føler seg heime i Senterpartiet

Då Jan Bøhler gjekk frå Arbeiderpartiet til Senterpartiet var reaksjonane mange. Veldig mange positive, men også en del mindre hyggelige frå tidligare partifeller. Då var det godt å ha ein sambuar heime som støtta opp og heia på partiskiftet. Kanskje ikkje så rart sidan ho var Senterpartimedlem allereie. 

Det er hektiske dagar som alltid for Jan. Inne på Stortinget har han gått frå møte til møte, men no har han fått av seg dressjakka og sit med ein kaffikopp inne i «glasburet», eit lite møterom like ved kontora til Senterpartirepresentantane. 

- Eg har fått ei fantastisk varm og god mottaking i Senterpartiet, seier Jan og smiler.

- Eg er så glad og letta over å kome inn i eit positivt miljø og eg har fått ein god velkomst både av folk frå Oslo, men og frå resten av landet. Eg merkar at det er ei romslegheit , ei glad og positiv stemning som eg har sakna veldig. Eg er så glad for å vere med på eit lag som inspirerer, og eg er klar for innsats!

Pressekonferansen

Torsdag 1. oktober var eit enormt pressekorps samla i Groruddalen. Saman med partileiaren i Senterpartiet og ein stor delegasjon av senterpartistar i Oslo kunne Jan fortelje at han hadde meldt seg inn i Senterpartiet, og at han hadde svart ja på nominasjonskomiteens spørsmål om  han ville stille som fyrstekandidat til Stortinget for Oslo Senterparti. Han angrar ikkje. 

- Det er så utruleg mange fine folk i Oslo Senterparti. No skal vi jo fyrst ha ein nominasjon sjølvsagt, men det er veldig positivt så langt. Folk bryr seg og eg er sikker på at vi kjem til å bli eit kjempegodt lag, men som sagt no må vi fyrst få ferdig nominasjonen.

Og politikaren frå Grorud har alltid hatt mykje til felles med Oslo Sp, også før han melde overgang til Senterpartiet. 

- Ta Ulleval-saka for eksempel. Det er klart at eg vil få ei ny kraft der når eg no har gått inn i Senterpartiet, for då vil eg jo få eit parti i ryggen. Det hadde eg ikkje i Arbeiderpartiet. Eg trur veljarane vil sjå at skjebnen til den saka vil avhenge mykje av valresultatet neste år. Om Senterpartiet gjer eit godt val vil det styrke Ullevålsaka veldig, og eg håpar at dei veljarane som er opptekne av sjukehussaka ser nettopp det, seier Jan og nemner fleire gode saker han har hatt til felles med Oslo Senterparti.

Politipostar i bydelane

- Vi har allereie byrja å snakke om den såkalla «nærpolitireforma» som også i Oslo har blitt til eit fjernpoliti. Vi treng eit politi som blir kjende med dei unge i Oslo, som kan vere gode førebilete og vere med å førebygge kriminalitet. Men det får vi jo ikkje når vi har eit politi som berre køyrer rundt, og det er forskjellige folk som er innom dei ulike miljøa for kvar gong. Vi treng fleire politipostar ute i bydelane, så politiet kan kome meir nært på og bli betre kjent med born og unge og alle bebuarar. 

Av andre saker han gler seg til å jobbe meir med Oslo Senterparti om er mellom anna det problemet at det ikkje finnes eit godt nok tilbod til ungdom som droppar ut av skulen. 

- Eg har i mange år vore oppteken av praksisplassar og det å kunne tilby praktiske jobbar for dei frå dag ein så dei ikkje vert gåande utan å ha noko å gjere, for då blir dei lett lokka inn i feil miljø av kyniske folk som driver med forskjellige ting som kan øydelegge framtida deira. 

Han vil ha sterkare områdesatsingar i Groruddalen, Oslo sør, Tøyen og andre utsette områder rundt i landet for å gjere meir for born og unge som fell utanfor. 

- Eg merker veldig respons både i Oslo Sp men også i Stortingsgruppa vår for desse sakene. Det er mange ting som vi har felles og som vi kan bygge enda meir god politikk på framover.

By og land, hand i hand

Jan har alltid vore begeistra for Senterpartiet sitt mantra om by og land, hand i hand, som også er eit gamalt slagord i arbeiderbevegelsen. No håpar at fleire folk skal sjå at saker som nærpoliti, praksisplassar og sjukehus er viktige saker i heile landet. 

- Dette er ikkje berre ei distriktssak eller ei bysak. Det er saker som gjeld for heile landet, by og bygd. Det er dei same menneska dette handlar om og går ut over. Det er arbeidsfolk og småkårsfolk med mykje same livssituasjon og tankar både i byen og kring om elles i landet politikken til regjeringa går mest ut over, fortel Jan.

Vil reise i distrikta

På pressekonferansen då det vart klart at Bøhler melde overgang til Senterpartiet var han oppteken av at no måtte fleire senterpartipolitikarar kome til Groruddalen og sjå korleis det står til der, men er han sjølv interessert i å reise ut i distrikta og sjå korleis det ser ut der?

- Absolutt, det gler eg meg veldig til! Eg har allereie fått fleire spørsmål om å reise fleire stadar kring om i Noreg, og det set eg veldig pris på. Eg vil også gjerne ta turen til andre byar i Noreg som ikkje er så store som Oslo, men som kanskje opplever mykje av dei same problema som vi ser i Oslo. Sjølv om eg skal konsentrere meg om valkamp i Oslo, så trur eg det blir viktig å vise at vi ser kvarandre, i både by og land. Så om det er senterpartilag som ynskjer besøk av meg for å vise meg kva utfordringar dei har og høyre meir om kva eg jobbar med så må dei gjerne det. 

EU-motstandar

Sjølv om Bøhler er ny som Senterpartist er det som nemnt ikkje nytt at han er samd med Senterpartiet i svært mange og viktige saker. Kampen mot EU, for eksempel.

- Eg har vore ivrig EU motstandar lenge. Eg var veldig engasjert allereie i EU-kampen i 1972. Eg er veldig opptatt av å bygge nasjonalstaten. Eg trur ikkje at alt skal vere så globalisert. Vi er avhengige av ei trygg verd, og skal du ha det er vi heilt nøydde til å ha trygge nasjonar som bygger opp ein fellesskap og ein ståstad som nasjon. Det er mange saker knytt til det som for eksempel nasjonalt eigarskap som eg synes Senterpartiet har vore veldig gode på, og dei verdiane der er ein av grunnane til at eg har gått over til Senterpartiet. 

Sambuar med i Sp

På veg frå Stortinget og ut i Oslo sine gater kjem Jan på at han har gløymt Groruddalen-capsen sin. Han har forresten fått seg ein ny no. Grøn, sjølvsagt. Med capsen på plass er han klar for å kome seg tilbake til Groruddalen som han er så glad i. At han også er glad i trening og musikk er jo noko dei fleste har fått med seg, men at han har ein sambuar som er medlem av Senterpartiet visste du kanskje ikkje. 

-  Ja, sambuaren min er medlem av Senterpartiet, og no som eg også har blitt senterpartist så har jo atmosfæren heime blitt heilt fantastisk, seier Jan og ler. 

Var ho medlem før deg?

- Ja, ho var medlem før meg og fekk då sjølvsagt medlemsbladet Sentrum med bilde av Trygve på i posten. Det har eg fleipa mykje med Trygve om før, at han dreiv å sendte bilete av seg sjølv til sambuaren min, seier Jan og ler godt igjen. 

- I tillegg til at ho er veldig fornøgd med at eg har gått over til Senterpartiet så har ho også vore ein veldig god støttespelar i tida som har vore. 

Senterpartiet er verkeleg nær folk

Sjølv om det har vore nokre tøffe stunder når det har stått på som verst etter partiovergangen så føler Jan at han er på rett plass. Både når det gjeld byen og dalen han er så glad i, og også i sitt nye parti.

-  Absolutt. Eg har alltid hatt sansen for Senterpartiet, og no som eg er blitt senterpartist så har det vore utruleg fint å bli betre kjende med dei andre stortingsrepresentantane og alle dei flinke folka i Oslo Sp. Eg må seie at det er eit godt lag og ei god stemning som eg gler meg til å bidra til. Senterpartiet er verkeleg nær folk, både i teori og praksis. Det passar meg heilt perfekt, avsluttar Bøhler.