Meny
Gabriel Skjulhaug Yttri

Gabriel Skjulhaug Yttri ny organisasjonssekretær i Vestland Sp

Gabriel Skjulhaug Yttri (23) frå Leikanger er tilsett som ny organisasjonssekretær i Vestland Sp. Han starta i jobben 1. mars 2021 og er dermed allereie godt i gang, i første omgong mest på heimekontor i Leikanger.

Gabriel skal arbeide to dager pr. veke på fylkeskontoret på Sandane og ein del frå kontoret i Bergen.

Gabriel Skjulhaug Yttri gjekk på Sogndal VGS, der han også var elevrådsleiar. Han har teke ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Gabriel har vore aktiv i Senterungdommen i Sogn og Fjordane sidan 2014. Han var i perioden 2015-2019 fyrste vararepresentant til kommunestyret i Leikanger kommune, og vart i 2019 valt til kommunestyrerepresentant i Sogndal kommune.

- Eg har eit klårt engasjement og forankring i partiet og har sidan innmeldinga i 2013 delt verdiar og visjonar partiet har hatt. For meg er ein kombinasjon av arbeid og politisk engasjement ei mogelegheit eg i lang tid har drøymt om. Lag og organisasjonsbygging har alltid vore ei hjartesak for meg, der eg har trua på at med eit solid samansveisa og målretta lag kan nå mål og ambisjonar ein har sett seg. Valet i til neste år vil vere utruleg viktig for Senterpartiet og eg ynskjer å jobbe intensivt for å medverke til at dette blir ein historisk suksess, seier Gabriel Skjulhaug Yttri.