Meny
Kjersti

Har lova å jobbe hardt og lojalt!

Kjersti Toppe hugsar kanskje ikkje kvar ho var då Oddvar Brå brakk staven, men ho hugsar veldig godt kvar ho var når Jonas Gahr Støre ringde ho for å spørje om ho ville bli barne- og familieminister. 

Inne på kontoret i departementet er barne- og familieministeren godt i gong med dagens gjeremål. Heldigvis er ikkje lange dagar og høgt tempo noko nytt for Kjersti Toppe. Som stortingsrepresentant for Senterpartiet sidan 2009 der ho verkeleg fekk vist seg fram partiets fremste helsepolitikar og ein av Stortingets mest spørjelystne representantar, har ho mykje erfaring og kunnskap å ta med seg inn i regjeringa.

- Korleis har dei fyrste månadane som minister vore?

- Det har vore veldig travelt men også ei kjekk oppgåve. Det er eit stort ansvar eg føler på kvar dag. 

- Kva var annleis enn du hadde tenkt?

- Det er veldig intenst travelt og det er mange avgjersler ein må ta kvar dag. Det var ein del som det var vanskeleg å førestille seg, som går på det praktiske systemet i departementet rundt ein statsråds arbeid. Eit departement er ein stor arbeidsplass, og ein er plutseleg også øvste leiar for ein heil arbeidsplass, fortel Toppe.

Sp-ministeren frå Hordaland fortel at ho er imponert over kor tilrettelagt og profesjonelt system det er rundt regjeringa sitt arbeid.

- Eg har følt på stor tillit og samhald i regjeringa, men eg er også frustrert over at det kan ta for lang tid å få til endringar som vi ønskjer, men det er ei stor moglegheit til å bidra til endring i politikken, som betyr noko for folk der dei bur, seier Toppe, som må innrømme at det er nokre ting ved regjeringsjobben det tek tid å bli van med.

- For å ta noko veldig praktisk, og det høyrest kanskje rart ut, men det er veldig uvant det der med «biltenesta» og å måtte bli køyrt rundt alle stader når eg er i Oslo, seier den jordnære politikaren og smiler.

- Det gjer det jo ekstra kjekt å kome til Bergen i helgane. Der er eg friare.
 

Telefonen frå Jonas
Seksbarnsmora frå Åsane var med for å hjelpe dotter si då ho fekk ein telefon ho seint vil gløyme.

- Eg moppa golvet på kontoret til mannen min der dotter mi har vaskejobb då Jonas ringte. Eg lova over vaskebøtta at eg skulle arbeide hardt og lojalt, fortel Toppe og ler.

- Kva tenkte du då du fekk spørsmålet om å bli minister?

- Eg vart først litt skjelven. Så tenkte eg at det var eit tilbod det var vanskeleg å seie nei til. Barne- og familiepolitikk er jo svært viktig og ein sentral del av velferdsstaten. Barnevern og barn og unges oppvekstvilkår har eg engasjert meg for lenge. Eg kunne ikkje seie nei til å vere med å utforme ein politikk for barn og unge som utjamnar forskjellar, og der vi stiller opp for dei som fell utanfor. Ikkje noko er vel viktigare enn å kunne gi barn, unge og familiane ein god start?

Etter at ho vart minister har ho jobba mykje med nettopp barnevern for å få oversikt og sjå kva som er dei viktigaste grepa å gjere både akkurat no og på lengre sikt.

- Eg har reist mykje rundt og besøkt både kommunalt barnevern, og statlege institusjonar. Det er nyleg innført ein barnevernsreform, der kommunane får større ansvar. Det føl eg nøye med på. Vi ynskjer også å styrkje det offentlege/ideelle barnevernet, og har starta jobben med å gradvis fase ut store kommersielle aktørar.

- Så har sjølvsagt både pandemien og krigen i Ukraina gjort at eg har jobba mykje med tiltak for born og unge. Det er svært viktig at vi lagar gode aktivitetstilbod, både for dei som kjem frå Ukraina, men også alle andre. Det treng barn og unge etter pandemien. Alle må ha noko å gjere på i eit fellesskap, fortel Toppe.  

Ansvaret for barnevern

Barnevernet. Eit ord som rommar mykje. Vanskelege avgjersler, kjensler og meiningar. Korleis er det eigentleg å ha ansvaret for noko som er så viktig, men også så vanskeleg for mange? 

- Barnevernet har stor myndigheit og kan vere svært inngripande. Det er klart. Ein del har negative erfaringar med barnevernet, og det har skjedd svikt og svik. EMD-dommane (Den europeiske menneskerettsstolen - red.anm) viser også at vi har område som må endrast på. Samstundes er det ei teneste som må fungere slik at barn og unge i Norge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg. Det jobbar mange folk i barnevernet som elskar det å kunne hjelpe barn og familiar, og bygge relasjonar. Barn treng eit godt barnevern, og barn og foreldre skal sikrast rettstryggleik. Eg er generelt oppteken av at familiane må få hjelp tidleg, slik at ein hindrar inngripande tiltak. Det er eit stort problem i dag at barn og unge under barnevernets omsorg opplever ustabilitet, mange flyttingar og manglande helsehjelp, seier Toppe.

Variert fagfelt

Barne- og familieministerposten inneheld fleire ansvarsområder enn kva mange trur, mellom anna rommar den også det å vere «forbrukarminister».

- Dei aller fleste av oss er jo forbrukarar. Så dette er eit viktig felt. Forbrukarmakta er stor, om den brukast på rette måten og det ikkje er hindringar til stades. Det handlar om alt frå marknadsføring, angrerett, pakkereiselova, gjeldsinformasjonslova, forbrukarinformasjon , berekraftig forbruk  og forbrukarinteresser- og klagar. 

- I ei tid med aukande prisar er det kanskje ei ekstra krevjande rolle å ha?

- Ja, det er det. Særleg har jo straumkostnadane vore store. VI har nyleg sendt på høyring forslag til endring som gjer at det skal bli enklare å samanlikne straumavtalar og at straumleverandørar må offentleggjere prislister for avtalane. Vi håpar å finne løysingar som kan styrke forbrukarmakta i straummarknaden, fortel Toppe.

Store verdiar

Ei anna stor sak den siste tida har vore deling av Opplysningsvesenets Fond, for Toppe har også ansvaret for tru og livssyn, og med det også ansvaret for kyrkjebygga.

Ved deling av Opplysningsvesenets fond blir det realisert verdiar tilsvarande om lag 10 milliardar kroner. Dette skal gå til vedlikehald av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. I Hurdalsplattforma har vi og sett som mål å restaurere steinkyrkjene frå middelalderen innan jubileet for Stiklestad, i 2030. Eg opplever at mange er svært positive til at det skal kome ei slik satsing. Folk er glade i kyrkjebygga sine. Dei representerer tryggleik og identitet og er viktige kulturhistoriske bygningar. 

Ein ny bunke papir ligg framfor ministaren. Denne gongen ein bunke over skriftlege spørsmål frå politikarar i FrP, KrF og MDG. Som nemnt tidlegare var Toppe ein av dei representantane på Stortinget som stilte flest spørsmål til ministrane dei åtte åra Erna Solberg var statsminister. No er Toppe sjølv den som må svare på spørsmål frå opposisjonen. I rolla som minister seier det seg sjølv at det ikkje er like lett å vere «vanleg» politikar for heimfylket som tidlegare.

- Eg prøvar, men det blir sjølvsagt mindre enn då eg var stortingsrepresentant. Men eg prioriterer så langt eg kan å reise rundt til kommunar og høyre med dei som veit best. Det er alltid kjekt og nyttig. Mi fyrste reise som statsråd gikk sjølvsagt til Bergen, og eg har også besøkt Sunnhordland og Voss, i tillegg til reiser i mange andre fylker så klart. Så har vi to dyktige stortingsrepresentantar i Nils T. Bjørke og Hans Inge Myrvold som er gode ombodsfolk på tinget for folk i Hordaland, seier Toppe før ho på nytt kastar seg over dei viktige og varierte oppgåvene som ventar på ho i departementet.