Meny

Held auge med di økonomiske framtid

Av Karl Kristian Langeland

Senterpartiet sin nye stortingsrepresentant og medlem av finanskomiteen, Sigbjørn Gjelsvik, hastar rundt på Stortinget. Det er mange saker å setje seg inn i og mykje det skal meinast noko om.

- Ja, og det er ikkje akkurat små saker heller. Det er store spørsmål og det er store verdiar dette handlar om, seier Gjelsvik, medan han blar seg gjennom dei siste sakspapira i finanskomiteen.

tsvsg
Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik representerer Senterpartiet i Stortingets finanskomite.
gi
Rådgiver for Senterpartiet i
Stortingets finanskomite er
Geir Indrefjord.

Innskotsgaranti

- Akkurat no jobbar vi med ei ny lov om bankane og sikringsfondet. Det handlar om innskotsgaranti og krisehandtering av bankane.  Gode reglar på dette området er viktig for å sikre innskota til bankkundane og for stabiliteten til bankane. I siste instans er det viktig for det norske samfunnet, både for å motverke at kriser oppstår og for å kunne handtere kriser på best mogeleg vis, seier Gjelsvik.


Oljefondet

Seinare i år kjem Gjedrem-utvalet som har sett nærare på organiseringa av Sentralbanken og oljefondet. Der er det føreslege store endringar, og det som vert vedteke vil få stor betydning for kven som skal styre sentralbanken og  dei enorme verdiane i oljefondet. 

Det er noko som vil bety mykje for norske innbyggarar og kva slags økonomisk framtid dei går i møte. Det handlar også om kva oljefondet skal vere, kva det kan investere i og ikkje. No er det mellom anna kome ei anbefaling frå ei ekspertgruppe på at oljefondet skal kunne gå inn og investere i unotert infrastruktur, det vil seie infrastrukturprosjekt i ulike delar av verda som ikkje er børsnotert.

- Det har vore anbefalt frå ulikt hald før, og oljefondet sjølv har ønska det, men det er nokre farar ved det. For eksempel i ein del land i verda der det kan vere ekstra krevjande med eit slikt prosjekt. Når det i tillegg er unotert så har ein ikkje same openheit kring prosjektet, samstundes som ein kanskje går tyngre inn i det økonomisk enn det som er vanleg. Når det er børsnoterte selskap så går oljefondet tradisjonelt inn med ein veldig liten eigarandel, fortel Gjelsvik.


Sentralbanken

Kva vil bli av dei viktigaste oppgåvene til Senterpartiet i finanskomiteen i denne vårsesjonen?

Vi kjem til å arbeide for å skilje oljefondet ut av Noregs Bank og å få etablert eit eige styre, men det som er vel så viktig er korleis strukturane rundt Sentralbanken er. Vi skal tenke oss nøye om før vi gjer store endringar som fristiller Sentralbanken meir enn den er i dag, seier Gjelsvik.

- Elles blir det viktig for Senterpartiet at vi finn ei løysing på korleis vi på best mogleg måte spare pengar for framtida, samstundes som vi brukar fondet i dag til å styrke norske arbeidsplassar og norsk næringsliv, seier Gjelsvik.


Privilegium med partileiaren

Den andre senterpartirepresentanten i finanskomiteen er ingen ringare enn partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Så korleis er eigentleg arbeidsfordelingar dei to  i mellom?

- Eg vil sei det er ei smidig og god fordeling i komiteen mellom oss. Det er ein stor jobb å vere partileiar og då er det greitt å ha nokon som kan jobbe litt meir frå dag til dag med dei sakene som dukkar opp i finanskomiteen. Både Trygve og eg har ein såpass brei bakgrunn at vi kan gå inn og handtere dei fleste sakene som måtte dukke opp, og så føler eg at vi supplerer kvarandre godt. Det å ha partileiaren som makker i finanskomiteen er eit stort privilegium. Det er den beste støttespelaren ein kan ha, og så håpar eg jo at han også er glad for å ha meg med seg i komiteen, seier Gjelsvik og ler.


Sp tek debattane

Gjelsvik, som er tidlegare har vore leiar i Nei til EU og sekretariatsleiar for Senterpartiet på Stortinget, legg til at det ikkje berre er i finanskomiteen det er ei god arbeidsfordeling og godt driv.  

- Det som er så veldig givande med å sitte i stortingsgruppa til Senterpartiet no er at vi er flinke til å delta i kvarandre sine debattar på tvers av dei ulike fraksjonane. Det er både svært gledeleg for dei som tek opp viktige saker i Stortinget, men det bidreg også til at Senterpartiet synes.  Senterpartiet tek debattane og let ikkje noko stå uimotsagt, og det kjem vi til å halde fram med, avsluttar Gjelsvik.   
 

Ta kontakt!

Har du som medlem i Senterpartiet eller Senterungdommen innspel til våre folk i Stortingets finanskomite, her er epostadresser:

Sigbjørn Gjelsvik: [email protected]

Geir Indrefjord: [email protected]