Meny

Kampen om Andøya er ikkje over!

Den som trur at kampen om Andøya er over og slaget om å modernisere stridsvognene er tapt kan umogleg ha møtt Liv Signe Navarsete.

- Du må unnskylde meg for rotet, seier Liv Signe Navarsete medan ho ryddar i store bunkar med sakspapir.

Det er nok av saker å ta tak i, og for tida er Senterpartiet si kvinne i Utanriks- og forsvarskomiteen utan rådgjevar også.

- Ja, han er i «kongens klær», som det heiter, seier Liv Signe og ler og forklarar at rådgjevaren, Bent-Joacim Bentzen, er med på den store NATO-øvinga som føregår.

- Det er utruleg flott å ha ein så dyktig rådgjevar som har ein bakgrunn frå Forsvaret. Han har mykje kunnskap og eit godt nettverk å bidra med. Det er gull verdt å ha så mykje kunnskap om viktige felt, for det vi skal gjere i forsvarspolitikken, og politikken generelt, må vere kunnskapsbasert!

Gir oss ikkje om Andøya

Difor er det framleis vanskeleg for Senterpartiet å godta at flybasen på Andøya er vedtatt nedlagt

- Vi gir oss ikkje. Avgjerda om å legge ned på Andøya er mogleg å snu. No er dei i gong med prosessen på Evenes, men seinast no på NATO-øvinga snakka eg med fleire innanfor Luftforsvaret som er heilt forferda over at ein vil leggje ned på Andøya. Også fleire frå Avinor seier det same og både pilotar og folk høgt oppe i Luftforsvaret er heilt samde med oss i Senterpartiet, fortel ei engasjert Liv Signe. 

- Andøya er å føretrekke både når det gjeld plass og tilhøve, og å flytte det fantastiske miljøet på Andøya kjem også til å verte utruleg dyrt. Vi ser allereie no at budsjettet sprekk og det kjem til å bli enda verre framover. Senterpartiet må berre jobbe vidare med den saka, og vi skal ikkje gje oss før alle steinar er snudde og alle moglegheiter vurderte.

 

Sp prioriterar forsvaret

Det same gjeld for dei investeringane Senterpartiet jobbar for å få til på stridsvogner.

- Fleire av våre næraste allierte i NATO jobbar med å modernisere stridsvognene sine. Det må også Noreg. Vi må også sikre helikopterkapasiteten til både Hæren og Sjøforsvaret. Beredskapen for heile Noreg tilseier at Heimevernet må rustast opp. Senterpartiet legg i sitt alternative budsjett inn ein auke i talet på soldatar i Heimevernet og oppgradering av materiell og utstyr. Forsvaret blir prioritert av Senterpartiet og det er heilt naudsynt når ein ser endringane i det sikkerheitspolitiske biletet, seier Liv Signe. 

Det heiter Forsvar- og utanrikskomiteen, men forsvarspolitikken tek sjølvsagt mykje plass. 

- Forsvarspolitikken og vidare fokus på hær og heimevern, eit forsvar i heile landet vil vere det som tek størst fokus i tida framover. Senterpartiet har jobba mykje med landmakta. Vi har opplevd at den vert nedprioritert av dagens regjering. Dei skryter fælt av forsvarssatsinga si, men om ein korrigerer for prisstigning og lønsvekst er det veldig liten vekst, med unntak av det som kjem på jagarfly.

Sikkerheit i endring

Kring om på kontoret på Stortinget kan ein sjå spor frå heile verda. Ein suvenir her og bilete der. Det blir nemleg mykje reising når ein sit i ein slik komité, og mange krevjande problemstillingar å setje seg inn i.

- Det er ein utruleg spanande komité å vere i. Det er store endringar rundt oss og store endringar i sikkerheitsbiletet. Forsvarspolitikken har kome mykje meir på dagsorden etter at Russland annekterte Krim og gikk inn i Ukraina. Det er og utfordrande i forhold til utviklingspolitikken og alle dei store humanitære katastrofane som er, fortel Liv Signe.

Humanitær stormakt

For Noreg er kanskje ei lita militærmakt, men når det kjem til det humanitære blir vi ofte sett på som ei stormakt.

- På dette området har vi ei viktig stemme i verda og det er avgjerande at vi brukar den godt både når det gjeld fredsarbeid og humanitærhjelp.

Og god senterpartipolitikk egnar seg like godt ute i den vide verda, som i vesle Noreg, meiner den røynde stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane.

- Det handlar mellom anna om å prøve å hjelpe dei svakaste og å jamne ut levekåra. I Noreg har vi, samanlikna med mange andre land, ganske små forskjellar. Kring om i verda er situasjonen ein heilt annan. Alt frå det fattigaste av det fattigaste til det rikaste du kan tenkje deg. Det er klart at det er mykje som kan gjerast her!

- Eg har valt å fokusere på mat og landbruk. Landbruksbistand er noko vi har jobba mykje med og noko vi i Senterpartiet har planar om å lyfte meir i den offentlege debatten framover. Noreg er gode på landbruk, og mykje av vår kunnskap og kompetanse kan overførast, og på den måten vere med på å sikre mat til dei fattigaste og kunne hjelpe dei å utvikle ein matproduksjon som kan gjere dei sjølvforsynte og kanskje også lyfte levestandarden til dei mange fattige som lever av landbruk. 

Senterpartiet på 60 prosent

Ein ny bunke med papir er sortert og Liv Signe er i full gong med å skrive merknadar. Det er mykje som skal gjerast når ein er aleine i komiteen, men kva gjer det vel med litt lange dagar når stemninga i partiet er så god?

- Det var ein gong ein høgrerepresentant som sa at når du Liv Signe går på talarstolen skulle ein tru Senterpartiet hadde 60 prosent oppslutning og ikkje 6 prosent som vi hadde på den tida. Då kan du berre tenkje korleis eg føler meg og blir oppfatta no når vi ligg på 12 prosent, seier Liv Signe og ler den trillande latteren sin.

- Det gjer noko med heile partiorganisasjonen! Det er utruleg moro og eg er stolt av partiet, stolt av stortingsgruppa og alle dei som jobbar og står på for Senterpartiet kring om i heile landet. Vi er eit fantastisk lag, avsluttar Liv Signe.