Meny
Bli medlem

Kjøp Senterpartiets jubileumsbok «NÆR FOLK GJENNOM 100 ÅR»

Sist endret: 27.09.2020

Har du ikke fått bestilt jubileumsboka ennå så er det fortsatt mulig.
• Boka koster kr. 370 inkl. porto.
• For enkeltbestillinger benytt helst Senterpartiets Vipps-butikk. Du finner oss ved å velge Senterpartiet eller nr. 12711 i Vipps-appen din og bla deg ned til Jubileumsbok.
• Enkeltbestillinger kan dersom du ikke har VIPPS også sendes pr. mail til [email protected], SMS til 46945193 eller ring 23 69 01 00 med «Jubileumsbok, ditt navn og din postadresse» 
• Lokallag og fylkeslag som ønsker å bestille større opplag av boka kan sende bestilling med «Jubileumsbok, antall, ditt navn og postadresse», på mail til [email protected]

Mer om boka her: 

Senterpartiet i 100 år

Senterpartiets hundre år i 2020 blir markert på fleire vis. Først kom jubileumsboka, klar for publikum før jul. Alle som vil forstå Senterpartiets plass i norsk politikk bør skaffe seg boka.

Som gåve til partimedlemmer, venner og sympatisører er ho eit opplagt valg, her finst ei meng av opplysningar om eit mangfoldig partliv, stor innsats lokalt og nasjonalt gjennom fleire år,presentert i små lettleste artiklar og i eit imponerande utval av bilete, ja, folk med både lang og kort fartstid i partiet vil kjenna seg att, nostalgien får sitt.

Mange lesarar blir og forundra over alt det dei ikkje kjende til. For partiet var og er ein kompleks møtestad for det politiske og sosiale, eit mylder av motiv og ambisjonar, men det meste inspirert av omsut for samfunnet og tru på folkestyret, vel fortent å feire.

Men kjøparar av jubileumsboka får meir enn eit festskrift. I fem frittståande essays blir partiet si historie sett utanfrå, fire av dei skrivne av journalistane Erling Kjekstad, Eva Nordlund, Bjørgulv Braanen og Tom Hetland, framleis eller tidlegare knytta til Nationen, Klassekampen og Stavanger Aftenblad. Dei vurderer, diskuterer og formidlar det historiske stoffet, til glede for lesarane, alt skrive frå ein uavhengig ståstad. Min artikkel ligg og i det sporet, også med tanke på avstand til partiet eg er medlem i. Totalt er det 17 forfattare innafor og utanfor Sp som har skrive i alt 21 artiklar i boka – ryddig oppdelt i hitoriske og tematiske kapittel

Ideen til dette friske og dristige opplegget kom frå partileiinga. Det fortel oss at Senterpartiet er på offensiven i møtet med si eiga historie. For redaksjonskomiteen, leia av Dagfinn Sundsbø, vart difor oppdraget ekstra inspirerande og interessant.

(Tekst av John Dale, også på trykk i Sentrum i desember 2019).

Denne artikkelen ble først publisert 30.01.2020