Likeverdig tenestetilbod i alle kommunar!
Med to representantar i den store og viktige i kommunal- og forvaltningskomiteen skal Senterpartiet gjere det dei kan for å få markert sin politikk. Når ein ser kva politikk regjeringa fører kjem det til å trengast meiner dei to representantane.
Kommuneproposisjonen kjem til å ta mykje av tida vår. No skal vi legge grunnlaget for dei kommunale tenestene i 2019. Det er ei utruleg viktig sak, og no har regjeringa oversett stortingsvedtaket om at inntektssystemet skal byggast slik at det gjev ein likeverdig tenesteproduksjon i alle kommunane. Det kjem til å bli ei krevjande sak for oss, seier Greni.
Kommuneproposisjonen er ikkje noko bra sett med Sp sine auge. Dei aller fleste fylka, kanskje alle, kan sjå fram til en realnedgang i pengeboka til neste år. Svært mange kommunar, særleg dei mindre vil møte same utfordring. Særleg når dei ekstraordinære skatteinntektene dei seinare år mest truleg ikkje kjem, fortel Nordlund, som vart vald inn på Stortinget i fjor.
Ei sak som har opptatt kommunalkomiteen mykje den siste tida er tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms. Nyleg kom resultatet av folkeavstemminga I Finnmark og resultatet er ikkje til å ta feil av. Folk i Finnmark ynskjer ikkje denne samanslåinga.
– Senterpartiet kjem til å gjere alt vi kan for å stoppe denne samanslåinga, og allereie tidleg i vinter sa eg at Senterpartiet vil fremje forslag nettopp om å stoppe dette. Det står vi sjølvsagt ved, sier Nordlund, som meiner at valresultatet i Finnmark bør vere er eit tydeleg signal til regjeringa om at samanslåinga ikkje kan gjennomførast.
Samanslåinga av Finnmark og Troms er ei sak der vi er spent på kva KrF kjem til å gjere. Som nemnt kjem Senterpartiet til å fremje forslag om å stoppe denne meiningslause samanslåinga, men det vil vere opp til KrF om vi får reversert tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark. Kvar dei landar til slutt er uråd å vite. Dei signaliserer litt i alle retningar, fortel Greni.
Ei anna sak som er viktig for dei to senterpartistane er utflytting av statlege arbeidsplassar, og når spørsmålet om kva dei to stortingsrepresentantane tenkjer om regjeringa sitt arbeid med utflytting av statlege arbeidsplassar kjem svaret kontant:
Kva slags utflytting av arbeidsplassar? Alle forsøk på større flyttingar blir spist opp av andre sentraliserande forslag, seier Nordlund.
Det som har vore av utflytting av statlege arbeidsplassar til no har stort sett gått til dei andre store byane. Det andre problemet er at dei har trekt inn så mange andre kommunale og fylkeskommunale oppgåver til staten at i sum er det fleire statlege arbeidsplassar i Oslo no enn når dei byrja den såkalla utflyttinga, seier Greni som også er spent på kva for nye oppgåver regjeringa vil overføre til fylka.
Det har dei dessverre utsett til hausten, så vi veit ingenting om det som kjem, men det vil bli ei stor omlegging og ei omfattande sak som berører alle fylkeskommunane og alle dei statlege etatane som då eventuelt skal flytte oppgåvene ut til fylkeskommunane, seier Greni.
Det nærmar seg slutten på vårsesjonen, men Greni og Nordlund har på ingen måte tenkt å ta sommarferie enda.
Vi kjem til å vere tydelege på Senterpartiet sine prioriteringar. Tenester nær folk. Ikkje meir byråkrati og sentraliseringsreformer utan innhald. Det blir også viktig framover å hjelpe folka våre der ute å selje bodskapen og synleggjere kva Sp sitt alternativ ville medført av moglegheiter for betre tenester, avsluttar Nordlund.