Meny
Karl Kristian Langeland

Senterpartistemmer: «Man måste jämføra»

«Men lille-kallen min... man måste jämföra», sa ofte systra mi til meg når eg var yngre og tykte livet og tilvære stundom føltes litt urettferdig... «Man måste jämföra». Desse tre små, svenske orda hadde ho nok fått frå boka (og etter kvart filmen) «Mitt liv som hund», og sjølv om denne setninga irriterte meg som ung, blei eg etter kvart glad i den. Kanskje fordi den motiverte meg til å stå på litt ekstra og jobbe vidare for å endre det eg ikkje var heilt nøgd med, men aller mest fordi eg kjende på takksemd over kor heldig og privilegert eg var. Sånn eigentleg, når eg fekk tenkt meg om.

- av Karl Kristian Langeland, han arbeidar lagbyggjar i Senterpartiets Hovedorganisasjon og er oftast å treffast i lokallag og fylkeslag rundt i heile landet

Vi må bli litt flinkare til å «jämföra», både vi i Senterpartiet og befolkninga i Noreg generelt. Det betyr ikkje at ein skal slå seg til ro med at tingenes tilstand er som dei er, akseptere at slik er det berre og at det alltid finns dei som har det verre. Likevel vi har alle godt av å reflektere over kva ståa i norsk politikk er, og kva som hadde vore alternativet om Senterpartiet ikkje sat ved roret i det som er eit svært uroleg farvatn.

For kva trur de hadde vore ståa no dersom det var Høgre og FrP som sat med makta? Krigen i Ukraina og alle dei konsekvensane den får også for oss i Noreg hadde vore den same, men kva hadde vi fått i tillegg til det? Eg vil tru dei hadde halde fram med sitt prosjekt som hadde ført til meir sentralisering og stordriftstenking, skattelette for dei rikaste og ytterlegare sal av naturressursane våre. Dette blir så klart litt erfaringsbasert synsing frå mi side, men samanliknar ein vårt budsjett med opposisjonspartia sine alternativ kjem det tydeleg fram kva som er den reelle forskjellen. 

Karl Kristian Langeland.png
Karl Kristian på eit av dei mange fjella i heimbygda Hellesylt, der han ofte brukar å sitje å jamføre litt. Både smått og stort....

Høgre har i sitt budsjett kutta den store satsinga vår på gratis ferjer. Dei fjernar Senterpartiet sin reduksjon av avgifter for diesel, bensin og mineralolje. Dei vil kutte ein halv milliard til riksvegane og togstrekningar. Dei fjernar heile grunnskuletilskotet vårt på 1,3 milliardar og dei kuttar heile satsinga på bygdevekstavtalar. Høgre vil så klart heller ikkje løyse opp tvangssamanslegne fylker og kommunar, ei heller opne nye polititenestestadar. Dei kuttar beredskapslagringa for korn. Dette berre for å nemne noko.

FrP er ikkje stort betre. Heller ikkje dei ser noko vits i å styrke matsikkerheita til landet vårt og kuttar med det også ut beredskapslagring av korn. Norsk mat verkar ikkje til å vere så viktig for FrP eigentleg, for dei kuttar også jordbruksavtalen med 1,5 milliardar kroner. FrP er heller ikkje særleg opptekne av verken samiske formål eller Den norske kyrkja, og kuttar der 239 og 250 millionar kroner. La oss heller ikkje gløyme kuttet på over 3 milliardar kroner i velferd. Mellom anna 1,1 milliardar gjennom å avvikle overgangsstønaden for aleineforeldre som står utan inntekt, og 400 millionar kroner i dagpengar. Igjen, for å nemne noko!

Lyfter ein nasetippen litt og ser seg om utanfor våre eigne grenser er det å jamføre også ei interessant øving. Det er dyr straum i meir eller mindre heile Europa, også her i Noreg. Det hjelper heldigvis litt at vi har ei av dei beste straumstøtteordningane i verda. Sjølv om den sikkert kunne vore betre så er det er nok mange som misunner oss den. Eg trur også svenskane «misunner» oss ein inflasjon på 5,9%, for i Sverige er den på 12,3%. Tøffe politiske val og prioriteringar for å dempe prisveksten ser så langt ut til å fungere.

Nei, «man måste jämföra». Vi må det! Eg skal i alle fall halde fram med det. For kvar gong eg gjer det blir eg minna på kor ufatteleg heldig eg er som bur i dette landet, og kor glad eg er for at det er nettopp Senterpartiet som er med på å styre landet vårt gjennom det som kanskje er den mest krevjande perioden vi har hatt etter andre verdskrig. For same kor tøft, og til tider belastande det kan vere, så hadde alternativet vore mykje verre.