Meny

Markeringar av Senterpartiet sine 100 år

2020 er året Senterpartiet feirar 100 år og det skal sjølvsagt markerast, og starten på jubileumet er sjølvsagt i Kristiansand, staden der partiet vart stifta for 100 år sidan. 7. februar vil sentralstyret i Senterpartiet møtast i Kristiansand før det vertjubileumsmarkering med kultur, mat, historie, humor og politikk – alt i samsvar med partiet sine verdiar om nærleik og folkestyre.

Men markeringa av Senterpartiet sine 100 år stoppar sjølvsagt ikkje der. For eit parti som trur på heile Noreg er det sjølvsagt at både partileiaren og festen kjem til alle fylker!

Vidare, gjennom heile 2020, vil det bli markeringar kring om i heile landet og i alle fylker. Kultur, politikk, lokal mat og Senterpartiet si historie i det aktuelle fylket vert sentralt på desse markeringane.

Omtrent midt inne i denne stafetten finn vi den store og offisielle jubileumsmarkeringa på Lillehammer den 27. juni. Her vert det festførestilling med eit program som kjem til å feire partiet sine 100 år på ein verdig, historisk, morosam, fengande og framtidsretta måte, før det vert festmiddag og sjølvsagt dans i god senterpartiånd. Og du som medlem er sjølvsagt invitert!

I tillegg til alle dei ulike jubileumsarrangementa i den ulike fylka vil også fleire lokallag markere at Senterpartiet no har blitt 100 år. Sjekk med ditt lokale lokal- og fylkeslag for meir informasjon.

Under her kan de sjå datoane for når jubileumsmarkeringa er i dei ulike fylka. Vi håpar på å sjå deg som medlem i løpet av året!

 

Februar: 

Agder: Fredag 7. februar

Vestfold: Torsdag 13. februar 

Oslo: Torsdag 27. februar

 

Mars: 

Telemark: Torsdag 5. mars

Buskerud: Torsdag 19. mars

 

April: 

Rogaland: Torsdag 23. april 

Hordaland: Torsdag 30. april

 

Mai:

Østfold: Torsdag 7. mai

Akershus: Torsdag 28. mai 

 

Juni:

Oppland: Lillehammer laurdag 27. juni

 

August:

Hedmark: Fredag 7. august

Sogn og Fjordane: Torsdag 27. august

 

September:

Møre og Romsdal: Torsdag 10. september

Trøndelag: Torsdag 17. september

 

Oktober:

Nordland: Torsdag 15. oktober

 

November: 

Troms: Torsdag 12. november

Finnmark: Torsdag 19. november