Gå til hovedinnhold

Med røter og vingar

– Senterungdomen skal vedta ny ideologisk plattform i november

 

Grønt Alternativ - Røtter og vinger

Medan sola steika som aldri før sendte Politisk Utval i juli ut førsteutkastet til det som skal bli Senterungdomens nye ideologiske plattform. Her var det både tradisjonelle og kontroversielle framlegg, noko som har fått i gang mangt eit heftig ordskifte i senterungdomslag i heile landet. Skal ein tillate aktiv dødshjelp? Er heildekkande klesplagg i offentlege rom greitt? Rituell omskjering av barn? Monarki? Legalisere cannabis? Dette er berre eit knippe spørsmål som førsteutkastet legg opp til debatt om.  

«Senterungdomens ideologiske plattform skal vere eit heilskapleg rammeverk for politikkutforminga vår, og skal fortelje om vårt samfunnssyn og verdiar.” kan politisk nestleiar i Senterungdomen, Magnus Weggesrud, fortelje. “Det er ideologien som skal ligge til grunn for den praktiske politikken, og ikkje omvendt. Med denne ideologiske plattforma skal me forsøke å gi svar på kvifor eit samfunn er blitt som der blitt, og kva me meiner det bør vere.»

Fristen for innspel til førsteutkastet var 31. august. Etter planen skal andreutkastet sendast ut til organisasjonen i midten av september, og skal danne grunnlaget for diskusjon og vedtak på landsmøtet i 9.- 11. november. 

Utvalet som har jobba med plattforma sidan i vinter har bestått av Bernt Halvor Bråthen (Troms), Oda Maria Hokstad (Vestfold), Ingrid Nikoline Sand (Buskerud), Ruben Skrede (Sogn og Fjordane) og Magnus Weggesrud (Buskerud, politisk nestleiar) samt leiar i Senterungdomen Ada Johanna Arnstad (Trøndelag).