Meny

Nils for president!

– Slik lever dei der – I kontrollkomite og presidentskap

Den som måte tru at ein som stortingsrepresentant kan bli «putta bort» i kontroll- og konstitusjonskomiteen, må tru om att. Nils T. Bjørke frå Hordaland har hamna i ein komité som ikkje berre skal ettergå det regjeringa har vedteke og sagt, men kan og vere med å leggje premissar for framtidas politikk.

Nils T. Bjørke kom inn på overtid ved stortingsvalget hausten 2017. Då han la seg, var han ikkje stortingsmann, men då han vakna opp morgonen etter hadde talet på Venstre-røyster i Bergen vippa han inn på utjamningsmandatet. Her på Stortinget har han no plass i kontroll- og konstitusjonskomiteen og er elles 4. visepresident i Stortingets presidentskap.

Den tidlegare leiaren av Norges Bondelag har politikk i blod og gener. I familien har oldefaren hans, Olav J. Bjørgum, vore tingmann for Bondepartiet frå 1922 til 1927 og i morsslekta var bestemora, Karen Grønn-Hagen, den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten frå Senterpartiet frå 1961 til 1965.

Det er mykje arbeid, både i presidentskapet og i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Komiteen er kjend som den einaste komiteen på Stortinget som kan handsame saker på eige initiativ. Men kontrollen med regjeringa og forvaltninga tek og tid, noko denne hausten er eit godt døme på. Etter at Riksrevisjonen la fram sin rapport om korleis regjeringa har stelt med sikringa av viktige objekt innan Forsvaret og politiet, er det i haust lagt opp til både ei open og ei lukka høyring om emnet.

– Det er dramatisk og særs alvorleg innhald i rapporten frå Riksrevisjonen. Ja, for konklusjonen på den manglande satsinga er at; «Dette kan få svært alvorlige følger for den nasjonale krisehåndteringen, når riket er i væpnet konflikt, væpnet konflikt truer eller når Norges selvstendighet står i fare.», heiter det i rapporten. Det er gått over tre år sidan Stortinget slo fast at dei viktige samfunnsinstitusjonane og den sårbare infrastrukturen me har innan politi og forsvar skulle vere på plass. No, tre år etterpå, er det altså eit nedslåande resultat me kan lese om, seier Bjørke, som seier noko av det viktigaste kontroll- og konstitusjonskomiteen må få svar på, er kva slags rolle statsministeren har hatt i dette manglande arbeidet.

– Det er ho som har vore på post heile tida, medan ho har skifta ut statsrådar i dei ulike departementa i stort tempo. Det er ho som sit med det overordna ansvaret, og hennar kontor har og ei særskild rolle i utøvinga av det politiske leiarskapet som er naudsynt på området, seier Bjørke.

Det er elles mangfaldige oppgåver i komiteen. I september dreg komiteen på ei reise til Brasil for å setje seg inn i korleis pengane frå Noregs satsing på regnskogen har vorte brukt. Også dette har Riksrevisjonen levert ein rapport om; i 2008 – 2017 løyva Stortinget 23,5 milliardar kroner til satsinga på opptak og lagring av karbon i skog som blir vurdert som avgjerande for å nå klimamåla (REDD+). Det er særleg den tropiske skogen i utviklingsland som er hovudmålet.

– I komiteen har vi fordelt ulike departement mellom oss, som me har eit særleg ansvar for. For min del har eg ansvaret for landbruks- og matdepartementet og klima- og miljødepartementet. Når det kjem saker til komiteen frå desse departementa, er det vanlegvis eg som blir saksordførar for saka. Slik var det mellom anna då me handsama Odelslova, og eg blir og saksordførar for rapporten om satsinga på regnskogen, seier Bjørke.

Andre saker som kjem til komiteen er saker frå EOS-utvalet, som fører kontroll med dei hemmelege tenestene våre og frå Sivilombudsmannen som passar på dei rettane me som borgarar har.

Ut over dette er plassen i presidentskapet også ei oppgåve som tek tid, både inne i stortingssalen, men og i dei førebuande møtene. Her fekk Bjørke ein ilddåp, då kostnadene med stortingsgarasjen sprakk. No er presidentskapen i gong med å sikre at budsjettrammene blir halde.