Gå til hovedinnhold

Ny lagbyggjar i Senterpartiet

2022 Per Rune Vereide, Sogn og Fjordane

Fylkessekretær i Sogn og Fjordane, Per Rune Vereide skal frå 01. november jobbe som «lagbyggjar» i Senterpartiet.

Per Rune har hatt kontorstad på Sandane i Gloppen kommune i nær 30 år. Han skal framleis ha basen sin der, men no blir det fleire reiser og utfordringar over heile landet, og Per Rune ser fram til å kome i gong.

- Dette gler eg meg verkeleg til.  Det blir både spennande og utfordrande å skulle drive lagbygging, organisasjonsutvikling og valkampførebuing rundt om i landet.  Eg meiner eg kjenner Sp ganske godt gjennom nær 40 år som tillitsvald og tilsett og vonar eg kan ha noko å bidra med. Nokre tips og idear har eg no plukka med meg gjennom alle desse åra.   

Frå før er Karl Kristian Langeland tilsett som lagbyggjar. Han gler seg over å få nordfjordingen med på å bygge laget i tida framover.

- Det å få Per Rune på laget er utruleg bra. Den kompetansen og erfaringa han har med seg etter så mange år som fylkessekretær er uvurderleg. Spesielt er eg glad for å få ein som er så driven i alt frå valkamp til konflikthandtering. Eg trur vi kjem til å utfylle kvarandre på ein god måte, seier Karl Kristian.

Som del av regjeringa er Senterpartiet inne i ei spanande tid med mange moglegheiter, men også utfordringar. Difor er det store senterpartilaget, og alle som engasjerar seg og gjer ein jobb lokalt, viktigare enn nokon gong.

- Vi er klare til å stå på for Senterpartilaget, og vi håpar at alle vil vere med på å spele kvarandre gode og trø til der det er krevjande og vanskeleg. Det er tøft å styre landet i ei tid med store kriser og vanskelege utfordringar, men nettopp då skal vi vere veldig glade for at det faktisk er Senterpartiet som sit med makta, seier Per Rune.

- Og vi må heller aldri gløyme kva som hadde vore alternativet om ikkje Senterpartiet tok ansvar i ei krevjande tid; fire nye år med Erna og kompani, ytterlegare sentralisering, skattelette til dei aller rikaste og «smular» til bøndene for å berre nemne noko, avsluttar Karl Kristian.

Dersom ditt lokallag treng bistand og hjelp er det fint om du kontaktar fylkeskontoret ditt så tek dei saka vidare og koplar på anten Per Rune eller Karl Kristian (eller andre i det store Sp-laget) som forhåpentlegvis kan bistå og hjelpe til.

Torunn Flatjord som siste halvåret har arbeidd saman med Karl Kristian skal overta Per Rune sin noverande jobb som fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti.  Både Torunn og Per Rune vil ha kontorstad på Vestland Sp sitt kontor på Sandane.