Meny

Oppdatert grafisk profil for Senterrørsla

Denne våren kan det hende du har sett Senterpartiet i nye fargar, og det er ikkje tilfeldig. Sidan valet i haust har me nemleg jobba med å oppdatere den grafiske profilen til partiet, og sidan nyttår har me gradvis rulla ut desse oppdateringane.

Den største endringa er at me har byta font til ein med meir moderne og strammare uttrykk. I tillegg har me fått eit større utval grønfargar. Hovudtanken med endringane som er gjort er å framheve det grøne, og framheve kløveren som har vore sjølve symbolet på partiet og rørsla i mange tiår. Slagordet «nær folk» ligg fast, og utgjer ein viktig del av hovudlogoen vår.

God politikk er det som driver oss som politisk parti framover, og det er god politikk som gjer at stadig fleire bruker røysta si på Senterpartiet. Ein tydeleg grafisk profil skal underbygge den gode politikken, og sørge for at fleire for auga opp for den.

Vonleg vil denne oppdateringa bli teke godt imot i heile rørsla, og teke i bruk slik at me kan framstå som ei samla politisk folkerørsle med felles mål.

Heile den oppdaterte profilhandboka kan du lese på:

https://profil.senterpartiet.no