Meny
Karl Krstian Langeland jul

Senterpartistemmer: - O´Senterparti med din glede!

Endeleg er desember her. Månaden midt inne i mørketida som på sett og vis gjer alt litt betre. Det er jo snart jul!

- av Karl Kristian Langeland, lagbyggjar i Senterpartiet

Når du tenkjer på jul, kva tenkjer du på då? Eg tippar at du mellom anna tenkjer på pinnekjøt, svineribbe, lutefisk, tallause tradisjonar, allsong på «Deilig er jorden i kyrkja», eit sjarmerande lite skulekorps som kanskje spelar litt halvsure tonar i det julegrana vert tend, og ikkje minst det å vere nær folk. Er det noko anna du assosiere alt dette med? Senterpartiet, sjølvsagt!

Ja, ikkje det at Senterpartiet skal ha all ære for tonane frå alle flinke og sjarmerande korps kring om i heile landet, men Senterpartiet har uansett alltid kjempa for gode kulturtilbod og for frivillegheita kring om i heile landet. Når Senterpartiet la fram sitt alternative budsjett auka partiet kulturbudsjettet med 630 millionar kroner meir enn regjeringa. Tenk berre kor mange julekonsertar, juleførestillingar og julebasarar det hadde blitt!

Same kor religiøs eller ikkje ein er, så må vel dei fleste vere samde i at folkekyrkja spelar ei viktig rolle for mange i jula. For kyrkja handlar om meir enn tru og religion, det er også kultur og tradisjon. Då er det jammen bra at Senterpartiet har tatt den politiske kampen for folkekyrkja, og at partiet i arbeidet med ny trus- og livssynslov sto i bresjen for å sikre at alle kyrkjer framleis skal ha kyrkjemusikar. Noko som gjer at musikk framleis vil ha ein stor plass i folkekyrkja sitt arbeid, og at vi også i framtida kan høyre vakker julemusikk spreie seg i kyrkjene våre.

Men, «uten mat og drikke, duger julesangeren ikke»! Mat høyrer sjølvsagt høgtidene våre til, og kva er vel meir jul enn å kjenne lukta av pinnekjøt spreie seg i heimen, eller å stå ved steikeomnen og kontrollere at svoren blir sprø, men ikkje brent?

Her kunne ein ha skrive side opp og side ned om kva Senterpartiet meiner og gjer for at vi framleis skal kunne ete nydelege måltid basert på gode, trygge, reine og norske råvarer også i framtida, men det har vi slett ikkje plass til. Difor er det like greitt å berre konstatere det dei aller fleste allereie veit: Senterpartiet ER matpartiet.

Mat, songar, pakkar, julefilmar og besøk av julenissen. Jula er alt dette, og meire til, men mest av alt handlar jula om samhald og fellesskap. Det å vere nære kvarandre og å vise omtanke og omsorg for kvarandre. Er det eitt parti som kan vise alt dette så må det vere partiet som er nær folk. Senterpartiet ER nær folk.

2020 har vore eit annleis og krevjande år på mange vis. Dessverre vil det nok bli utfordringar og vanskelege tider for mange også når vi bikkar over i 2021. Uansett må vi ha eit håp om at juledagane vi no går inn i kan bli eit kjærkome pusterom, og ei god tid med alt det fine som høyrer jula til. Dei gamle tradisjonane og dei nye tradisjonane som blir skapte denne jula.

Kanskje blir det pinnekjøt på tallerkenen, kanskje lutefisk eller ribbe, eller noko heilt anna? Kanskje skal du i kyrkja, kanskje ikkje? Kanskje skal du gå julebukk, eller kanskje skal du berre slappe av på sofaen og sjå dei same julefilmane om og om igjen? Uansett kva du vel å fylle juledagane dine med er i alle fall ein ting sikkert: Du er medlem i Senterpartiet, og Senterpartiet ER julepartiet.

God jul!