Meny
Sandra Borch og Ole André Myhrvold er Senterpartiets medlemar i Stortingets energi- og miljøkomite

Rett ryggen og pust med magen!

Når det gjeld klimapolitikken til Senterpartiet så har det ikkje akkurat mangla på merksemd i media den siste tida, men Senterpartiet sine to representantar i energi- og miljøkomiteen står trygt og godt i miljøpolitikken til partiet, og når kritikken kjem er det berre ein ting å gjere; å rette ryggen og puste med magen!

Sandra Borch og Ole André Myhrvold har funne seg godt til rette i komiteen saman med rådgjevar Else Marie Rødby. Dei tre er i full gong med å svare opp klimameldinga til regjeringa, og der er det mykje å ta tak i.

- Klima er jo ei av dei viktigaste tinga vi driv med, og vi jobbar med dette kvar dag. Men, alt heng saman med alt, og skal vi nå klimamåla så må vi også jobbe aktivt med energipolitikken. Noreg sin klimapolitikk og tiltak for utslippskutt er i stor grad basert på elektrifisering. Då må vi ha oversikt over kraftbehovet, potensialet for produksjon av energi, og korleis vi når måla, fortel Myhrvold.

- Noreg si viktigaste inntektskjelde og verdiskapar, olje- og gass, skal omstillast og landet skal på sikt vri verdiskapning og utvikling over i andre energi- og ressurskjelder enn dei fossile. I tillegg vil det i åra framover bli eit stadig større fokus på naturen og naturkrisa. Senterpartiet sitt utgangspunkt er også her bruk av natur på ein berekraftig måte. Vi vet at bruk av natur er sjølve berebjelken i ei rekke økosystem, samtidig som skogen og eit berekraftig skogbruk er ein viktig del av klimaløysninga. Det å balansere berekraftig bruk av natur med balansen i dei naturlige økosystema blir avgjerande, føl Borch opp.

- Ein kan seie at Senterpartiet står for det klassiske naturvernet, medan det vi blir møtt med er krav om økt vern og mindre fokus på berekraftig ressursutnytting. Vi trur også at dette heng litt saman med at stadig fleire lever sitt daglige liv lenger vekk frå naturen enn tidlegare, og brukar den meir som en rekreasjonskjelde på fritida enn som bustad, leveveg og næringsgrunnlag.

Mange har sikkert fått med seg ein stadig hardare debatt om vern versus bruk av naturen. Om utbygging av vasskraftverk og vindkraft, og om skogen vår, men er det eigentleg mogleg å finne kompromiss?

- Ja, det må det vere, svarar Borch kontant.

- Men det er ei stor utfordring at stadig fleire slår inn på vernelinja framfor berekraftig bruk. Samtidig må vi hugse at all energiproduksjon har kime til konflikt i seg, og at alle som ynskjer auka elektrifisering må tenke på kvar den auka kraftproduksjonen skal finne stad. Dette er ein av grunnane til at vi har vore opptekne av å få denne energimeldinga til behandling saman med klimameldinga, seier Borch.

Og med det er vi inne på ein av dei store manglane Senterpartiet ser i regjeringa si klimamelding. At den legg opp til storstilt elektrifisering av samfunnet som et klimatiltak, men ikkje har løysinga for korleis dette skal kunne skje.

- Vi saknar betre samsvar mellom klimapolitikken og energipolitikken og har bede regjeringa framskynde jobben med å legge fram ei energimelding som skal belyse dette. Det har regjeringa svart at dei ikkje greier, og vi får då dessverre ikkje sett dette i samanheng. Det trur vi svekker klimameldinga, og vil gjere det utfordrande å sjå heilskapen på mål og verkemidlar, seier Borch.

Ei anna utfordring er at klimameldinga eigentleg berre peikar på auka CO2-avgift som tiltak, meiner dei to representantane.

- Vi er redd ei slik flat og kategorisk tilnærming vil auke dei sosiale og geografiske forskjellane. Vi ynskjer meir bruk av positive virkemidlar for omstilling og ei langt meir tilpassa tilnærming til Co2-avgifta enn det regjeringa legg opp til, seier Myhrvold. 

- Av positive tiltak regjeringa ikkje vidarefører, men som vi veit fungerer er for eksempel Klimasats for kommunane og ENOVA si støtteordning for energieffektivisering i hushaldningane. Konkrete og praktiske tiltak for kommunar og hushaldningar som har vært viktige og mye brukte tiltak.

Det er ikkje noko nytt at Senterpartiet sin politikk vert angripen av politiske motstandarar. Tenk berre på politireforma, kommunesamanslåingar og regionreform. Likevel står partiet trygt og stødig på sine standpunkt, og det same gjeld i klimapolitikken. Dei to representantane har følgjande tips til senterpartistar som vert angripne for partiet sin miljøpolitikk:

- Rett ryggen og pust med magen! Vår politikk er ikkje dårlegare, men vi står i ein annan tradisjon og har ein annan inngang på utfordringane. Ein løyser ikkje klimaproblemet med å auke avgiftene aleine og ein får ikkje folk over hele landet med seg i jobben med klimatiltak om goder og byrder er skeivt fordelt. Det må vere ei fornuft og det må vere ei slags rettferd i det, elles når vi aldri måla vi har sett oss, seier Borch.

- Men kan det bli litt vel mykje dieselfokus?

- Diesel er berre eit symbol på kva som ikkje løyser krisa, nemlig at enkelte vil tre ei løysing ned over hovuda på alle, nemlig elbilen. Det til tross for at det norske klimaet og den norske geografien langt frå er klar for elbil alle stader. Dessutan manglar vi det viktigaste - eit utbygd system med ladestasjoner slik at elbilen faktisk kan bli eit reelt alternativ for alle. Dessutan er det etter vårt syn dårleg miljøpolitikk å vrake fullt brukbare bilar før tida. Vi må erkjenne at køyrety med forbrenningsmotor vil vere med oss langt inn i framtida, og vi treng difor ikkje politikk for det rigide, men politikk for dei fleksible overgangane, seier Myhrvold og held fram:

- Når det er sagt, så kan det nok vere at vi kanskje ikkje har vore gode nok på å delta i debatten om klimautfordringane og fått fram vårt syn. Så er det vel også sånn at akkurat på klima kan det vere ekstra utfordrande å stå fram med ei anna tilnærming fordi det er ein ganske brei konsensus i dei delane av både landet og det politiske miljøet som har hatt størst eigarskap til akkurat denne saka.

- Senterpartiet sitt forsvar av norsk kjøtproduksjon får også ein del kritikk frå visse miljø, men de er framleis klare til å stå opp for norsk landbruk og kjøtproduksjon?

- Norsk kjøt produsert på norske ressursar som gras og korn bidreg til å redusere transport og halde sjølvforsyningsgrada oppe, det er berekraftig og det flyttar ikkje utsleppa over landegrenser. Dessutan er vi i Senterpartiet opptatt av å skilje mellom fossile utslepp, altså dei utsleppa som skjer når vi brenn olje, gass og kol, og dei biologiske utsleppa. Med det meiner vi dei utsleppa som skjer som en del av kretsløpet for eksempel frå kua. Kua et gras, og omdannar dette til mat. Samtidig slepp den ut klimagassen metan, men disse vert tatt opp samstundes av fotosyntesen når skogen og graset veks og er dermed eit nullsumspel. Om vi går tilbake til utgangspunktet for klimaproblema så er jo det vår auka forbrenning av det fossile, ikkje kua, seier Borch. 

For nokre veker sidan kunne NRK saman med partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum vise fram at tonnevis av kontormøblar kvar einaste veke. Like etter fremja Senterpartiet representantforslag om mindre bruk og kast, men monnar det eigentleg i den store samanhengen?

- Ja, så klart! Mindre bruk og kast bidreg til redusert klimaavtrykk både på transportsektoren og energien som vert brukt til å produsere produkt. Alt heng saman med alt. Dessutan er det bærekraftig og etisk riktig. Ein skal ikkje kimse av det heller, seier Myhrvold.

- Senterpartiet sin miljø- og klimapolitikk er basert på partiet sin forvaltartankegong og målet er ei praktisk jordnær tilnærming som folk forstår. Senterpartiet sitt utgangspunkt handlar om bruk av natur, ikkje forbruk, og det gamle slagordet om at «vekst ikkje er å forbruke meir, men å forvalte betre», avsluttar Borch.