Sats på ungdomen
Det er viktig å ta heile samfunnet i bruk, og heile samfunnet bør speglast på listene. For å vinne valet i 2019 må me heise alle klutar, og ungdomen er eit av dei viktigaste verktøya me har. Der andre parti ofte plasserer ungdomen langt ned på listene, har me i Senterpartiet ein mykje betre statistikk å vise til. Fleire ungdomar høgt på listene gir oss fleire røyster frå ungdomen, og kan sikre oss sigeren.
Det er viktig å rekruttere nye, unge, framstormande talent. Berre sjå på dagens AU i Senterpartiet der alle tre har ein karriere bak seg som sentrale figurar i Senterungdomen. Framtidas leiarar vert rekruttert som unge, og om de er flinke lokalt kan det vere nettopp frå dykkar lokale senterpartilag og fylkeslag dei framtidige leiarane i Senterpartiet kjem frå.
Difor oppmodar me alle lokallag og fylkeslag i Senterpartiet til å prioritere ungdomen høgt på listene til kommune- og fylkestingsvalet i 2019! Sats på ungdomen!