Meny

Senterpartiet får nye lokalar

Etter at partiet har hatt ein samanhengande vekst over fleire år har dei sett seg nøydde til å flytte til større lokalar på grunn av auka bemanning for å kunne ivareta både mange nye medlemmar og førespurnadar. 

- Det vart for trongt og komplisert og drive i dei gamle lokala, og då måtte vi sjå oss om etter nye. No har vi funne det i Akersgata 51, midt mellom Stortinget og regjeringskvartala. Lokala er noko større og vi gler oss til å flytte inn, fortel generalsekretær Knut M. Olsen.

På grunn av større lokalar har partiet også måtte supplere opp med noko nytt materiell og utstyr. Då har sjølvsagt Senterpartiet prioritert å kjøpe norsk der det var mogleg.

- Det skulle berre mangle, ikkje minst i desse tider, men no har vi jo ikkje berre handla nytt, det er også mykje gjenbruk her. For i Senterpartiet, som er eit forvaltarparti,  brukar vi så klart opp igjen det som er mogleg å bruke, avsluttar Olsen med eit smil.

Partikontoret reknar med å vere fullt operativt i dei nye lokala i løpet av siste halvdel av juni.