Meny

Senterpartiet feirar 100-årjubileum i 2020

Senterpartiet fyller 100 år i 2020, og planlegginga av jubileumsfeiringa er komen i gong. Det skal gjevast ut jubileumsbok, arrangerast jubileumsfest og heldast markeringar gjennom heile året i heile landet, som seg hør og bør for ein 100-åring som er sprekare enn nokon gong.

Jubileumsbok

Arbeidsgruppa som skal «utarbeida ei rikt illustert jubileumsbok» som mandatet seier, hadde sitt første møte i Senterpartiets hovedorganisasjon i Grensen 9 B i Oslo 2. november. Gruppa er leia av Dagfinn Sundsbø, og han har med seg Anne Enger, Johan Buttedahl, John Dale, Karl Kristian Langeland, John Arne Balto og med Inger Betsy Torp og Ragne Lysaker som sekretærar. Dei er bedt om å få fram innlegg frå historikarar, interesseorganisasjonar og samfunnstoppar som frå sin ståstad kan beskriva partiets rolle gjennom historia, som skal samlast til eit festskrift for partiet. På møtet 2. november var også partileiar Trygve Slagsvold Vedum, parlamentarisk leiar Marit Arnstad og generalsekretær Knut M. Olsen med på delar av møtet.

 

Jubileumsmarkering 27. juni 2020

Det er og sett ned ei arbeidsgruppe som skal laga forslag til program for hovedmarkeringa av Senterpartiets 100-årsjubileum i 2020, som skal finna stad på Lillehammer 27. juni 2020. Programmet skal trekka dei lange linjene frå partiets stifting i 1920 og fram til i dag, gjennom ulike innlegg frå historikarar, eigne partifolk og kulturelle innslag. Markeringa skal lavsluttast med ein festmiddag på kveldstid. I denne arbeidsgruppa er Eli Blakstad leiar, og med seg har ho John Erik Vika, Kristin Madsen, Sveinung Leikvoll, Magnus Weggesrud samt Inger Betsy Torp som sekretær.

 

Jubileum landet rundt

Jubileumsåret opnar i byen der Senterpartiet vart stifta, i Kristiansand. Det legges opp til eigne markeringar i alle fylkeslag, og komiteen vil kontakte alle  fylka og utfordre de til å komme med innspill om hvordan de vil legge opp til markeringer gjennom jublileumsåret.