Gå til hovedinnhold

Senterpartiets fylkesårsmøter 2023

Fylkesårsmøte stemming.jpg

Det er venta svært stort oppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter i år, med over 2 300 delegatar til saman. Alle 17 fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år, og i år startar det med Østfold Sp 10-11. februar og avsluttast med fire fylkesårsmøte første helga i mars. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.

Politiske verkstader

Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentral innleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om det som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

I 2022 vedtok fylkesårsmøta til saman over 140 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså godt over åtte uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt. Alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til både sentralstyret i partiet, alle komitear i stortingsgruppa, og i år også til regjeringa.

Val av nestleiarar i år

Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit valår er det 1. og 2. nestleiar, halvparten av styremedlemane samt vararepresentanter for heile styret i nummerordning som er på val. I mellomvalår er det dei to leiaren, studieleiar og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.

Svært store fylkesårsmøte

Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå m. a. talet på røyster i siste stortingsvalet i 2021, talet på lokallagsleiarar, ordførarar og gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyra og fylkestingsrepresentantar samt talet på medlemar i lokallaget samt fem representantar for Senterkvinnene og frå Senterungdommen. Det kan koma over 2300 delegatar totalt på årets fylkesårsmøter.

Her er oversikt over fylkesårsmøta 2023:

FYLKE

DATO

STED

MEDIAKONTAKT

 

 

 

 

Østfold

10.- 11. februar

Quality Hotel, Fredrikstad

 

Anne Koht-Norbye

E-post: [email protected]

Tlf.: 92848334

 

 

 

 

Oslo

11. februar

Oslo (lokale er ikke leid enda)

 

Vebjørn Varlid E-post: [email protected]

Tlf.: 99228523

 

 

 

 

Finnmark

11.- 12. februar

 

Thon Hotel, Kirkenes

Rita Roaldsen

E-post: [email protected]

Tlf: 91588501

 

Buskerud

17.- 18. februar

 

Scandic Ambassadeur, Drammen

Brit-Tove Krekling

E-post: [email protected]

Tlf.: 48142727

 

 

 

 

Møre og Romsdal

18.- 19. februar

Scandic Parken, Ålesund

Isabelle Orvik

E-post: [email protected]

Tlf: 901 87 006

 

 

 

 

Rogaland

18.-19. februar

 

Scandic Forus, Stavanger

Vidar Nedrebø

E-post: [email protected]

Tlf.: 41642502

 

 

 

 

Hedmark og Oppland

18.- 19. februar

 

Scandic Lillehammer Hotell

Camilla Aaseth

E-post: [email protected]

Tlf.: 99244339

 

 

 

 

Nordland

18.- 19. februar

 

Scandic Havet,

Bodø

Julie Brattli Steinvik

E-post: [email protected]

Tlf.: 48085129

 

 

 

 

Troms

26. februar

Scandic Grand, Tromsø

Rikke Håkstad

E-post: [email protected]

Tlf.: 450 53 000

 

 

 

 

Akershus

3.- 4. mars

X Meeting Point, Skjetten

Maja Aas

E-post: [email protected]

Tlf: 473 57 281

 

 

 

 

Telemark

3.- 4. mars

 

Strand Hotel, Vrådal

Even Skårberg Aarnes

E-post: [email protected]

Tlf.: 91797840

 

 

 

 

Trøndelag

3.-4. mars

Scandic Hell, Stjørdal

 

Rune Hjulstad

E-post: [email protected]

Tlf.: 91685572

 

 

 

 

Sogn og Fjordane/ Hordaland

3.- 4. mars

Edvard Grieg Sandsli, Flesland

 

Torunn Flatjord

E-post: [email protected]

Tlf.: 41626602 Og

Sølvi Kobbeltvedt

E-post: [email protected]

Tlf.: 92055789

 

 

 

 

Vestfold

4. mars

 

Røde Kors senteret Eidene, Færder kommune

Per-Asbjørn Andvik

E-post: [email protected]

Tlf.: 95745114

 

 

 

 

Agder

4.- 5. mars

Scandic Sørlandet, Kristiansand

Gunnar-Ole Lyngroth

E-post: [email protected]

Tlf.: 95208959