Meny

Senterpartiets Studieforbund satser på digital læring

Senterpartiets Studieforbund er no i full gong med utvikle digitale læringsressursar ut til partiets medlemmar og tillitsvalde. Læringsmetoden vi benyttar heiter mikrolæring, og handlar om å lære i små, konsentrerte dosar over korte periodar, der målet er å lære om eit bestemt konsept. Læringsmetoden vil gi medlemmar og tillitsvalde moglegheit til å tileigne seg kunnskap, lære nye prosessar og forbetre ferdigheiter i sitt eige tempo.

Den siste mikrolæringa som har blitt laga er knytta opp til arbeid i val- og nominasjonskomité». Denne mikrolæringa kan nyttast som eit supplement til studiehefte «Kven skal leie?- Arbeidet i val- og nominasjonskomité. Mikrolæringa vil snart bli tilgjengeleg på nettsida vår, Senterpartiskolen.no. 

 

Studieforbundet ynskjer å vere inkluderande overfor begge målformer. I den forbindelse lanserer vi vårt fyrste studiehefte på nynorsk, «Kven skal leie? Arbeid i valkomité og nominasjonskomité».

Studieheftet finn du på her: