Gå til hovedinnhold

Senterungdommen med full fart inn i det nye året!

Senterungdommen møte 010226
Starten på nyåret har vore full av liv og røre i Senterungdommen! Vi sparka i gang 2026 med utvalshelg 10.–11. januar. Då samla alle utvala seg for å prate politikk, dele idear og stake ut kursen vidare. I tillegg har vi fått eit heilt nytt utval – Profileringsutvalet (PFU) – som framover skal ha ansvaret for aktiviteten vår på sosiale medium.

I 2025 opplevde vi medlemsvekst – heile 105 nye medlemmar! Det viser at vi når ut til fleire unge som kjenner seg heime i sentrumspolitikken og som vil vere med og gjere ein forskjell i Noreg.

I slutten av januar samla vi heile landsstyret. Der behandla vi fleire resolusjonar – mellom anna om nordisk samarbeid og psykisk helse i landbruket. No er fylkesårsmøta og planlegginga av Vårslepp godt i gang, og i år har vi faktisk fylt opp påmeldingslista! Vi vil mellom anna få besøk av vår eiga Dordi Boksasp Lerum som gjest innleiar!

Senterungdommen har mykje spennande på gang, så det er berre å følgje med!