Meny

Skal skape ei «vi-kjensle»

Med det beste lokalvalet i den snart 100-år lange historia til Senterpartiet seier det seg sjølv at det kom til å bli mange ordførarar. Også nye. Sølvi Dimmen i Volda er ein av dei.

No er rett nok ikkje det konstituerande møtet før 24. oktober, men med avtalen som Senterpartiet har med AP, SV, MdG og Raudt så ligg alt til rette for at Sp får ordføraren i Volda.

- Då det på valkvelden vart kjent at SP hadde blitt det største partiet i Volda og at eg kunne bli ordførar, kjende eg at hjartet banka litt ekstra raskt. Eit fantastisk resultat og ein tillit frå veljarane som låg over det eg hadde forventa. Ein står sjølvsagt ikkje øvst på ei liste utan å ha tenkt igjennom at ein er ordførarkandidat, men at det skulle bli realitet er nesten litt uverkeleg. Det tek til å gå opp for meg no etter kvart og eg går til oppgåva med glede og ønske om ei positiv utvikling av heile Volda. 
 

Sjølv om ho no mest truleg vert ny ordførar har ho hatt eit politisk engasjement lenge.

- Eg har vakse opp med ein far som var engasjert i lokalmiljøet og i lokalpolitikken og eg fatta tidleg interesse for  å  lese  sakspapir og følgje med på den politiske dagsorden. I ein valkamp på midten av 80-talet  var  Marit Arnstad på turne. Eg kan hugse at ho sat på hjørnet av kateteret i klasseromet vårt på Ulstein vidaregåande skule og snakka engasjert på innpust og utpust, og at eg tenkte at Senterpartiet faktisk var kult. Sidan har Senterpartiet vore mitt parti, fortel Sølvi.


- Sjølv om eg har vore politisk interessert så lenge eg kan hugse, har stått på val nokre periodar og har vore varamedlem til kommunestyret tidlegare, har eg berre ei periode bak med som fast medlem i kommunestyre og formannskap. Eg har vore engasjert i lokallagsstyret som medlem og leiar i mange år.

Ved valet i haust vart Senterpartiet det største partiet i Volda. Det er det fleire grunnar til, trur Sølvi.

- Volda og den langt mindre nabokommunen Hornindal frå nabofylket Sogn og Fjordane vert slått saman frå 1.1.20. Samanslåinga vart gjennomført utan at folket og Senterpartiet sitt krav om folkeavrøysting vart imøtekome. At SP er tydelege på at vi vi lytte til folket og går til val på gode tenester nær folk, er nok sterkt medverkande til eit svært godt val. Volda har mange offentlege funksjonar som er under sterkt sentraliseringspress. At Sp i alle ledd, både lokalt, på fylkesnivå og sentralt, er tydelege og truverdige i å kjempe for tingrettar, sjukehus, høgskule osv., gir oss stort truverd i lokalmiljøet, seier den nye ordføraren.  

Kva var strategien dykkar for valkampen i Volda?

- Vår valkamp var ein kombinasjon av god gamaldags valkamp med stand og medieoppslag i lokalavisa, og aktiv bruk av sosiale media. Vi fekk gode oppslag i lokalavisene etter besøk av Marit Arnstad og Trygve S. Vedum, noko vi sjølvsagt delte aktivt i sosiale media. Vi ser at dei listekandidatane vi hadde med på slike medieoppslag, fekk god utteljing med personlege stemmer på valdagen.

Det vil bli mange nye oppgåver og saker å setje seg inn i for den nye ordføraren, men det er likevel ei sak som peikar seg ut som særs viktig:

- Med kommunesamanslåing frå 1.1.20, er det ei av dei viktigaste oppgåvene å skape ei "vi-kjensle". Vi er ei kommune med mykje geografi, og tunellar og to ferjer må til for å knyte oss saman. Dette gjer oss til ei dyr kommune å drifte om vi skal halde oppe til dømes skulestruktur og trivsel i heile kommunen. Dette er utfordrande når vi samstundes har stort etterslep i sentrum og må erstatte både den gamle ungdomsskulen og symjehall i løpet av perioden, fortel Dimmen som har følgande tankar om kva Senterpartiet nasjonalt må gjere i tida som kjem.
 

- Det viktigaste Senterpartiet sentralt kan gjere framover, er å halde stø fokus på at vi skal ha tenester nær folk i heile landet. Det treff godt her hos oss og vi vert oppfatta som konsistente og trygge i vår bodskap. Å ha kort veg frå grasrota til våre sentrale politikarar er ein stor styrke. At SP har fokus på at saker som vedgår strukturane i landet vårt skal til politisk handsaming, og ikkje vedtakast av føretak, gir god gjenklang i Volda, avsluttar Dimmen.

Fakta om antal Senterpartiordførarar:

Senterpartiet fekk 386 349 røyster og 14,4% i kommunevalet, og det er pr. 8. oktober forhandla fram avtale om 137 ordførarar og 101 varaordførarar som er medlemar i Senterpartiet, opp frå 105 ordførarar og 95 varaordførarar i inneverande periode.

I ein del kommunar foregår forhandlingar enno. Val av ny ordførar og konstituering skal skje før 1. november.

Talet på kommunar vert redusert frå 422 no, til 356 frå 1. januar 2020.