Gå til hovedinnhold

Sommarkampanje #HeileNoreg og sommarleir på Senja 2025

Senterungdomsgjeng 2025

Senterungdomen er i gong med valkamp og lanserer kampanje på SoMe med taggen #HeileNoreg (eller #HeleNorge). Senterungdomen skal og ha sommarleir på Senja 31/7-3/8, og skund deg - påmeldingsfristen er 23. juni :)

#HeileNoreg (eller #HeleNorge)

No er sommaren rett rundt hjørnet, og Senterungdomen er i gong med valkamp! Me har som mål å engasjera så mange som mogleg i grøn politikk – difor lanserer me ein kampanje på SoMe med taggen #HeileNoreg (eller #HeleNorge), der akkurat DU kan visa oss det fine med å bu akkurat der du bur. Målet med kampanjen er å visa at det bur folk i HEILE NOREG – og å gjera småbyar og bygda attraktive for unge menneske i etableringsfasen. Inspirasjonen til kampanjen er nasjonalromantikken – med fokus på natur, fellesskap, og at det òg er liv utanfor storbyane. Me oppmodar alle til å leggja ut klipp eller bilete når dei er heime i sommar, og til å bruka taggen #HELENORGE!

Sommarleir på Senja 31. juli - 3. august

Når ein snakkar om sommar, må ein òg snakka om sommarleir! Årets sommarleir blir arrangert på vakre Senja i Troms fylke. Dette er ei fantastisk moglegheit for deg som senterungdom til å møta andre senterungdomar frå heile landet – og ha det gøy saman! Her får du òg politisk påfyll og lærer korleis du kan bli betre i debatt og gjera deg klar for skulevalkampen. Fylg med på våre sosiale mediar for oppdateringar om kven som kjem og kva for nokre aktivitetar det blir!

Påmeldingslink til sommarleir (påmeldingsfristen er 23. juni):

Påmelding sommarleir