Sp får Nesna i gong – søkertala motbeviser skeptikarar

Bildet: Frå valkampen i 2021 - Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum held appell på Nesna.
- Det er mangel på kvalifiserte lærarar i heile Noreg og spesielt i Nord-Noreg. I tillegg nærmar mange lærar i landsdelen pensjonsalderen. Det er ingen tvil om at vi manglar lærarar, og vi treng fleire raskt, seier minister for høgare utdanning Ola Borten Moe.
Senterpartiet har vore krystallklare over tid at vi framleis ønskjer utdanning på Nesna. Hurdalsplattformen slår også tydeleg fast dette – derfor bestemte regjeringa tidleg at Nord universitet skal ta opp nye kull til barnehagelærar- og lærarutdanning på Nesna allereie hausten 2022.
Vi treng utdanning spreidd over heile landet, slik at vi kan nå ut til større grupper med naudsynt kompetansepåfyll. Når tal også vier at lærarar i større grad enn andre blir verande der dei har studert, lovar dette godt for kommunane rundt Nesna, som får tilgang på gode lærarar og barnehagelærarar også i framtida.
Historia om Nesna er ei suksesshistorie. Ei historie om motstanden mot Høgre sin sentraliseringspolitikk og ei historie med trua på at desentralisert utdanning er vegen å gå.