Sp foreslår oppheving av tvangsamanslåingane i Viken- og Troms/Finnmark
Så snart Stortinget var samla igjen i haust foreslo Senterpartiets stortingsgruppe som lova oppheving av samanslåinga av både Troms og Finnmark fylkeskommunar og sammenslåinga av fylkeskommunane Østfold, Akershus og Buskerud. Sp vil snart også foreslå oppheving av dei andre tvangssamenslåingane av fylker.
Senterpartiet fremma forslaga ved starten av trontaledebatten 3. oktober, og dei vart handsama ved slutten av debatten 4. oktober. Stortinget vedtok einstemmig at forslaga skal oversendast til Stortingets kommunal- og forvaltningskomite for vidare handsaming. Komiteen skal så skriva si innstilling til kva dei meiner at Stortinget skal gjera vedtak om i saka. Sakene er venta å koma opp til endeleg votering i Stortinget før jul.
Senterpartiets stortingsgruppe vil om kort tid også leggja fram forslag om at Stortinget skal oppheva dei andre tre tvangsamenslåingane av fylker, som er Hordaland/Sogn og Fjordane, Telemark/Vestfold og Oppland/Hedmark.
Her er forslaga Senterpartiet fremma i Stortinget 3. okotber:
5. Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sandra Borch, Geir Adelsten Iversen, Heidi Greni, Willfred Nordlund og Trygve Slagsvold Vedum om oppheving av sammenslåing av Troms og Finnmark fylkeskommuner (Dokument 8:3 S (2018-2019))
6. Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sigbjørn Gjelsvik, Ole André Myhrvold, Per Olaf Lundteigen, Heidi Greni, Willfred Nordlund og Trygve Slagsvold Vedum om oppheving av vedtak om sammenslåing av fylkeskommunene Østfold, Akershus og Buskerud (Dokument 8:4 S (2018-2019))
Enstemmig vedtak i Stortinget: Nr. 5 og 6 sendes kommunal- og forvaltningskomiteen.