Meny
Anne Marie Aanerud, statssekretær på statsministerens kontor

Sp på Statsministerens kontor

Sist endret: 08 12 2021

Du har sikkert fått med deg at den nye regjeringa har åtte Sp-styrte departement med våre ministrar, statssekretærar og rådgjevarar, men visste du at Sp også er representert i andre departement? 

Det er tidleg morgon, men Anne Marie Aanerud har allereie vore i full sving lenge. Som statssekretær på statsministerens kontor er det nok av saker å ta tak i.

- Eg brukar mykje tid på å lese og førebu alle sakene som skal opp i regjering og sjå til at Senterpartiet sine synspunkt vert teke vare på, fortel Aanerud.

Og det har dei blitt. Senterpartiet har fått store gjennomslag sidan partiet gikk inn i regjering.

- Eg vil mellom anna trekke fram at vi har innført grunnskuletilskotet, som gjev kommunane insentiv til å behalde fleire grunnskular, at vi har fått gjennomslag for 200 millionar kroner til investeringsmidlar til landbruket utanfor jordbruksavtalen og at vi har sørga for auka midlar til politiet for å sikre lokalt nærvær med fleire politistillingar, bilar og materiell til politidistrikta, samstundes som arbeidet med å gjenopprette nedlagde polititenestestader kan starte raskt. 

Det høyrest ut som at du har, og har hatt, mykje å henge fingrane i?

- Det har vore travelt, med tilleggsproposisjon til statsbudsjettet, innkøyring av ny politisk leiing i alle departement og koronahandtering, men det har gått veldig fint og eg syns vi er komne godt i gong med å oppfylle løfta våre i Hurdalsplattformen. 

Regjeringa består som kjent av to parti. Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Så korleis er det då eigentleg å vere statssekretær i eit Ap-styrt departement? 

- Det er lærerikt og spanande. Eg kjende fleire av dei eg jobbar saman med i politisk leiing litt frå før og vi jobbar godt saman. Det er interessant å få innblikk i kva politikarar i andre parti tenkjer om saker der vi har litt ulik ståstad, og det gjev ein ekstra dimensjon til jobben som politikar som eg set stor pris på. 

Etter lange og hektiske dagar i den nye regjeringa ser nok dei aller fleste fram til ein velfortent juleferie, før det på nytt set i gong for fullt.

- Arbeidet med neste års budsjett er allereie i gong og det blir ein viktig del av min arbeidskvardag framover. Samstundes skal eg halde fram med å følge opp at Senterpartiet sine synspunkt blir teke vare på i alle saker som skal behandlast i regjering, avsluttar Aanerud.