Meny
Nytilsett kommunikasjonsrådgjevar Vebjørn Varlid utanfor Stortinget

Sterkaste kommunikasjonsrådgjevaren i landet

Vebjørn Varlid (30) frå Førde i Sogn og Fjordane er nytilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Senterpartiet si Stortingsgruppe. Han starta i jobben 1. mars og er allereie godt i gong med å hjelpa stortingsgruppa med å nå ut med partiet sin glade bodskap.

Vebjørn har ei lang karriere i vektløfting sidan han starta med sporten i 14-årsalderen, og har heile tida vore tilknytta idrettslaget Tambarskjelvar i Naustdal. Han har mange mesterskap både som ungdoms- og som juniorutøvar, og totalt fire Noregsmeisterskap og to Nordiske meisterskap i vektløfting som senior. Hans personlege rekordar er 163 kg i rykk og 195 kg i støt, så sterkare infomasjonsrådgjevar i landet finst nok ikkje. – Den største opplevinga var nok det å få lyfte på Europameisterskapen på heimebane i Førde i 2016, seier han og legg til at han la opp som aktiv idrettsutøvar i 2018.

Av utdanning har Vebjørn ein bachelor i markedsføring og ein master i strategisk markedsføringsleiing, begge tatt ved BI i Oslo. Etter endt utdanning arbeida Vebjørn som konsulent i Geelmuyden Kiese. Dei to siste åra har han jobba som kommunikasjonsrådgjevar, fungerande kommunikasjonssjef og seniorrådgjevar i Hovudorganisasjonen Virke.

Han var aktiv i Sogn og Fjordane Senterungdom før vektløftinga tok over som hovudinteresse. No har han vore aktiv i Senterpartiet i Oslo i ein del år, og har blant anna leia valkomiteen for stortingsvallista og er valt til organisatorisk nestleiar i fylkesstyret. - Eg har alltid vore politisk og samfunnsmessig interessert, og er oppteken av utjamning av geografiske og sosiale skilje, seier Vebjørn Varlid.