Meny

Talskvinna Åslaug

Kva gjer du når du plutseleg skal verte talskvinne for alt frå spelpolitikk, til barnevern og kulturminner? Jau, brettar opp ermane og går laus på oppgåva. Akkurat slik som Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen frå Telemark har gjort.

Etter det gode stortingsvalet i fjor haust fekk Telemark endeleg ein representant på Stortinget frå Senterpartiet igjen.

- Det har vore viktig for meg å få plass i familie og kulturkomiteen på Stortinget, og ikkje minst moro. Det har jo litt med at eg har min bakgrunn som journalist og har jobba mykje med kulturjournalistikk, så det å få vere i ein komité som har ansvar for nettopp det har vore fint. Eg kjem også frå ein familie der kulturvern og folkemusikk står sterkt, så eg hadde veldig lyst å sitje i denne komiteen, fortel Åslaug.

Mangslungen komite

Men det er ikkje berre berre å sitje i denne komiteen heller sjølv om ein har stor interesse av det.

- Denne komiteen er på mange måtar ein slags sekkepost, så i tillegg til det som eg både er oppteken av og kan mykje om, så har eg fått mange andre ansvarsområder der eg ikkje har følt meg like trygg og kunnskapsrik. Eg har mellom anna ansvar for spelpolitikk, forbrukarpolitikk, likestilling, tru, livssyn og kyrkja, og den store og viktige posten barne- og familiepolitikken. Det har vore krevjande å skulle setje seg inn i alt dette, men eg er heldig som har god hjelp i Aisha, fortel Åslaug og viser til rådgjevaren sin Aisha Naz Bhatti.

Rådgevar Aisha

Aisha var sjølv fyrstekandidat til Stortinget frå Oslo i fjor haust, men kom diverre ikkje inn. No er ho på sett og vis inne likevel som politisk rådgjevar for Åslaug.

- Det har vore ei bratt læringskurve for oss begge. Det å skulle setje seg inn i både kultur, idrett, tippemidlar, åndsverklova og barnevern har vore lærerikt, krevjande, men også utruleg morosamt, fortel Aisha.

- Det har vore hektisk å skulle jobbe innanfor eit heilt nytt fagfelt, men eg er svært takksam for at eg får lov til å vere rådgjevar for denne komiteen og for Åslaug, seier Aisha.
 

Det beste teamet på huset

- Vi er jo det beste teamet på heile huset, repliserer Åslaug og ler godt.

- Eg kan jo også dra litt nytte av min bakgrunn som journalist. Den har lært meg å setje meg inn i mange ulike saksfelt på kort tid, og då har eg jo erfart at desto meir du lærer om noko desto meir interessant blir det.
 

Gjennomslag

Kanskje er det også litt motiverande når ein ser at ein har fått gjennomslag for mykje?

- Vi har mellom anna fremja eigne forslag om å få ein felles handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Det forslaget har sett Senterpartiet på kartet i alle dei organisasjonane som er opptekne av det, og det sette også regjeringspartia litt i forlegenheit fordi dei ikkje har tatt tak i dette feltet dei siste åra, fortel Aisha.

I åndsverklova har vi fått gjennomslag for at både kunstnarane og dei som skal syne fram det kunstnarane har laga, skal bli ivaretatt. Og ikkje minst fekk vi gjennomslag for ei utredning av Tinnosbanen. Vi må jo ha nokre «helse heim» saker også, seier Åslaug og smiler.
 

Mange som drar lasset

Som ny Sp-representant på Stortinget har ho også fått 18 nye kollegaer å forhalde seg til, noko Åslaug set stor pris på.

- Det er utruleg moro. Vi er mange til å dra lasset, og vi er eit parti som har godt humør, sjølv om vi også har hatt våre rundar i vinter. Eg skulle sjølvsagt ynskje vi var enda fleire, slik at vi kunne hatt to representantar også i min komité, men samstundes er det jo litt moro å vere aleine også. Då får eg jo ein haug med titlar. Kulturpolitisk talskvinne, likestillingspolitisk talskvinne, spillpolitisk talskvinne, barnevernspolitisk talskvinne og så vidare og så vidare, seier Åslaug og ler.
 

Raskt i media

Stortingsrepresentanten frå Telemark har også drege god nytte av sin bakgrunn som journalist.

- Det gjer jo at vi rykker raskt ut og meiner noko i media. Sånn sett har vi vore med å påverka ein del barnevernssaker der vi har fått ministeren på bana, vi har vore med på å endre haldninga til NRK om distriktssendingane, og eg opplever no at media tek kontakt fordi dei reknar med at vi er eit parti som er engasjert og meiner noko om både mediepolitikk, kultur og likestilling. Det skal vi bli halde fram med å gjere, avsluttar Åslaug.