Meny

Toppen av gjennomslag er ikkje nådd

Av Karl Kristian Langeland

Innerst i gangen i andre etasje på Stortinget sit helsepolitisk talskvinne for Senterpartiet, Kjersti Toppe, og smiler nøgd. Kanskje ikkje så rart heller når ho har fått fleirtalet på Stortinget med seg på fleire Senterpartisaker så langt i denne sesjonen.

Ein times fysisk aktivitet i skulen kvar dag, forslag om å styrke fastlegeordninga, betre finansiering av sjukeheimar og dagaktivitetstilbod og redusert innsatsstyrt finansiering i helseføretaka er berre nokre av sakene som Toppe og Senterpartiet har fått fleirtall for den siste tida.

Det er rett og slett utruleg kjekt. No vert helsepolitikken endeleg styrt frå Stortinget og ikkje frå regjeringa slik det var i førre periode. I sak etter sak finn opposisjonen saman og sender regjeringa på nye nederlag. Vi er ikkje samde om alt i opposisjonen heller, men i dei store sakene ser vi at vi finn saman, seier Toppe og fortel at dette også gjer noko med motivasjonen.

Det er mykje meir motiverande å fremje forslag når ein veit at det er ei moglegheit for å få fleirtal og endre norsk politikk. I førre periode vart vi stort sett berre nedstemt.
Ei av dei store og viktige sakene som Senterpartiet har fått gjennomslag for no er betre finansiering av sjukeheimar. 

Det betyr mykje at vi har fått fleirtal for dette. Forslaget til regjeringa om å endre på investeringstilskotet til sjukeheimar og omsorgsbustadar til å berre gjelde nye plassar vart nedstemt. Det er utruleg viktig for mange kommunar at det framleis skal vere mogleg å få tilskot til rehabilitering av sjukeheimar, seier Toppe.
Senterpartiet har også fått med seg fleirtalet på Stortinget når det gjeld å auke tilskotssatsane for etablering og drift av dagaktivitetsplassar til 50%. I dag dekkjer tilskotet berre 30% av kostnadane. 

Regjeringa har estimert eit behov på 9200 dagaktivitetsplassar, men ved utgangen av 2016 var det knapt 3000 slike plassar. Difor er dette utruleg gledeleg å få på plass og tilbakemeldingane frå fleire ordførarar har vore gode, fortel Toppe.

Senterpartiet sendte regjeringa på nok eit nederlag når dei fekk med seg fleirtalet på Stortinget til å seie tydeleg nei til regjeringa som i regjeringserklæringa ville auke innsatsstyrt finansiering (ISF) i sjukehusa. ISF utgjer i dag 50% av sjukehusa sine inntekter. Det har ført til eit for stort fokus på økonomi i sjukehusa, meiner Toppe som fekk med seg fleirtalet på å redusere ISF til 40% for statsbudsjettet for 2019.

Dette var kanskje den mest politisk ideologiske saka vi fekk gjennomslag for. Der fekk vi fleirtalet med oss på ei anna retning enn den regjeringa ynskte. Regjeringa vill auke ISF frå 50% og oppover, men vi fekk den altså ned til 40%. Sjølv om Sp gjerne skulle gått lenger er det ein siger for oss som betyr mykje for kva retning det norske helsevesenet skal ha framover, seier Toppe.

Den helsepolitiske talskvinna i Senterpartiet meiner det er stor fare for at lønsame pasientar vert prioritert framfor dei som er mindre lønsame for sjukehuset, og at lønsame behandlingsopplegg vert prioritert framfor dei som har best fagleg grunngjeving. Å få senka andelen av ISF er eit viktig steg på vegen til å slutte å rekne pasientar i kroner og ører, seier Toppe.

Toppe er aleine om å representere Senterpartiet i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, men har god hjelp i rådgjevar Cathrine Strindin Amundsen. Lite tyder på at dei kjem til å bli arbeidsledige den fyrste tida.

Ein gjennomgang av ordninga av pasientreiser er ei ny sak der vi ligg an til å få fleirtal. Det er heilt uhaldbart at pasientar må vente i timesvis på transport etter behandling. Helseføretaka skuldar på pasientreiser, pasientreiser skuldar på taxiane, taxiane skuldar på dårleg betaling og igjen sit pasientane som må vente og vente.

Du ser med andre ord føre deg at Sp for fleire sigrar i løpet av våren?
Ja, det er eg sikker på. No er den politiske situasjonen på Stortinget annleis. No har opposisjonen fleirtal med KrF aleine og ikkje avhengig av å måtte ha med Venstre, og takk og lov for det. Dessutan har eg mange fleire gode saker på blokka mi som vi skal jobbe for å få fleirtal for, avsluttar Toppe med eit smil.