Trygve bygger lag
Det spirar og gror i Senterpartiet og fleire skal vi bli. Det er målsetninga til senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum som denne våren har reist rundt om i landet for å byggje laget vidare. Og i august fortset han i Nordland og Møre og Romsdal.
Sidan april 2018 har tre nye lokallag i Senterpartiet vorte formelt stifta. Lødingen, Gamvik og Nordkapp. Vedum var sjølv med på desse møta og felles for dei alle er det at mange engasjerte folk i lokalsamfunnet møtte opp og ville høyre meir og lære meir om partiet som trur på tenester nær folk. Det beste av alt er at veldig mange av dei frammøtte også ynskte å bli med på laget! I fleire andre kommunar ligg det også an til å bli lokallag i løpet av sommaren.
Senterpartiet har sett seg som mål at det skal finnast eit senterpartilag i alle kommunar. Framleis står det nokre kommunar att, men desse vil det bli jobba vidare med for å få eit lag og forhåpentlegvis også ei liste på plass til valet neste år.
I midten av august kan mellom anna Værøy, Røst og Moskenes i Nordland vente seg besøk av partileiaren, medan Sula og Hareid i Møre og Romsdal får besøk i slutten av august.
Kjenner du nokon som du trur kunne tenkje deg å bli med på laget? Enten i ei av kommunane over eller andre stader i landet så er det framleis lov å verve folk. Desto fleire vi blir i 2018, desto sterkare står vi framfor valet i 2019.