Meny
Ku-kyr-landbruk-37839170451_fcf4abc352_o

Vert det eit normalt jordbruksoppgjer denne våren?

I fjor var det forenkla forhandlingar om jordbruksoppgjeret på grunn av korona. I år er det mykje som taler for at det vert meir ordinære forhandlingar, skriv Geir Pollestad.

- av Geir Pollestad, leiar i Stortingets næringskomite

Det vil seie at den såkalla budsjettnemda legg fram si vurdering om kva tal ein skal bygge årets jordbruksoppgjer på. Sjølve forhandlingane startar med at jordbruket leverer sitt krav. Nokre dagar etter dette så kjem Stortinget med sitt tilbod. Så vert det forhandlingar fram mot 16. mai. Det kan enda med avtale eller med brot i forhandlingane. Stortinget skal behandlar jordbruksoppgjeret fram mot sumaren.  

Det er mykje som står på spel denne våren. Eit godt oppgjer er naudsynt for å oppretthalde eit levande landbruk i heile landet. For sjølv om koronaen har gjort at etterspurnaden etter mat er høg så er det mange utfordringar som ligg framfor norsk matproduksjon. Hovudutfordringa i jordbruket er at inntekta må opp. Det vil vera naudsynt for å få betre rekruttering, auka investeringar og bidra til å oppretthalde eit jordbruk i heile landet.

Me i Senterpartiet har ei stor oppgåve med å få fram kor viktig norsk matproduksjon er for mellom anna beredskap, verdiskaping og busetjing. Koronasituasjonen har truleg gjort at fleire ser kor viktig det er å bruke ressursane me har i landet til å produsera mat, og at det er dumt å basera seg på import av mat.

Ei spesiell utfordring er å sikra fornying og modernisering også av dei mindre bruka. Det må vera mogleg å fornya drifta utan at det vert stilt krav om auka produksjon. Det skal vera ressursane på garden som avgjer kor stor produksjonen kan vera. Så her må jordbrukspolitikken ta opp i seg at det er store skilnadar mellom ulike delar av landet.

Det er mange som er opptekne av matproduksjon og produkta som jordbruket produserer. Det er viktig for oss i Senterpartiet å få fram at det er ein samanheng mellom dei resultata som ein får i jordbruket og kva politikk som vert ført. Difor så kan ein ikkje meska seg med lokale spesialitetar og trygg norsk mat utan å samstundes forstå at det heng saman med tollvern, konsesjonslova og andre delar av politikken.

Senterpartiet er jordbrukspartiet. Senterpartiet er matpartiet. Det er me stolte av.    

--------------------------------------------------------------

Fakta: 

Jordbruksoppgjøret skjer ved årlige forhandlinger mellom Staten og to organisasjoner i jordbruket, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som opptrer i fellesskap som forhandlingspart for jordbruket. Forhandlingene føres på grunnlag av Hovedavtalen for jordbruket.

Det legges opp til følgende timeplan for forhandlingene:

  • Jordbrukets krav, tirsdag 27 april
  • Statens tilbud, tirsdag 4. mai
  • Avslutning av forhandlingene, lørdag 15. mai

Her kan du lese mer om saksgangen i jordbruksforhandlingene: