Meny
Karl Kristian Langeland er lagbyggjar i Senterpartiet og fyrste skribent ut i "Senterpartistemmer"

«Vi har ikkje plass til deg i kohorten vår»

«Eg er så lei meg for å seie det, men vi har dessverre ikkje plass til deg i kohorten vår».

Eg hadde sjølvsagt full forståing for det når eg fekk denne beskjeden av ein god ven no nyleg og vi måtte avlyse planar vi hadde lagt for lenge sidan. Med aukande koronasmitte kjem strengare tiltak, og den sosiale omgangskrinsen må reduserast. Likevel må eg innrømme at eg kjende det stakk litt. Som einsleg og barnlaus blir det liksom ikkje flust med sosiale interaksjonar i ei lita leilegheit i Oslo når pandemien rår.

- av Karl Kristian Langeland, fyrste skribent ut i "Senterpartistemmer"

 

Eg skal likevel ikkje klage. Eg er heldig som har ein stor familie eg kan ha kontakt med over telefon og sosiale media, men det fekk meg likevel til å tenkje. Det er nemleg ikkje alle som er så heldige.

Fleire einsame enn før

Ei ny undersøking syner at nær halvparten av alle mellom 16 og 24 år føler seg einsame på grunn av koronasituasjonen. Ein enorm auke frå kor mange unge som kjende seg einsame før koronaen. Og ungdommen er dessverre ikkje aleine. Einsemd råkar i alle samfunnslag og aldrar.

Ekstra sårt tykkjer eg likevel det er å tenkje på dei eldste av oss no. Gjennomsnittleg butid på norske sjukeheimar er to år. Med dei strenge restriksjonane for besøk og sosial omgang betyr det faktisk at fleire av våre gamle på sjukeheim, meir eller mindre, har levd den siste halvdelen av dei to åra dei i snitt har igjen av livet sitt, i isolasjon og einsemd.

Eit parti «nær folk»

No er det viktigare enn nokon gong at Senterpartiet lever opp til sitt slagord «nær folk». Ja, ikkje heilt bokstaveleg tala, sjølvsagt, vi må framleis halde trygg fysisk avstand, men vi må likevel prøve å vere så nære kvarandre som mogleg på andre måtar.

Det er no det er på tide å ta telefonen til den gamle tanta di eller venninna di som nettopp har blitt permittert. No er tida for å sende ei lita helsing i posten til den gamle klassekompisen din, og gå ein tur ute saman med enkemannen i nabolaget. Det er no du skal setje ein liten blome utanfor døra til den nye tilflyttaren til bygda, eller til naboen du kanskje knapt nok har helst på i blokka i di i storbyen.

Senterpartiet har truverde

Alle parti har i denne vanskelege tida forsøkt å ta eigarskap til gode løysingar for å kome oss heilskinna ut av pandemien. Både økonomisk og medmenneskeleg. Det er bra, men eg vil likevel påstå at det er Senterpartiet som har størst truverde i denne saka.

Senterpartiet har alltid vore oppteken av gode tenester nær folk, av å sjå enkeltmenneska og av å bygge gode lokalsamfunn over heile landet. Og er det noko ein treng i ein slik krevjande situasjon som vi står i no så er det nettopp det. Med stort truverde føl også stort ansvar, og det ansvaret må vi ta, ikkje berre som nasjonalt parti, men og som lokallag og som enkeltmedlem.

Litt mindre aleine

Når vi no går inn i ei høgtid som for dei fleste handlar om samhald, familie og fellesskap er sjansen stor for at kjensla av utanforskap og einsemd vert enda større. Då er det desto viktigare at vi no gjer vårt for at Senterpartiet er kohorten der alle kan føle på eit fellesskap og ei tilhøyrigheit, og med det kan kjenne seg litt mindre aleine.

------------------------------------

Om forfattaren: 

Karl Kristian Langeland arbeidar som lagbyggjar i Senterpartiets hovedorganisasjon, han planlegg og reiser med partileiar Trygve Slagsvold Vedum til heile Noreg. Han er frå Hellesylt og har bakgrunn m. a. frå NRK og som tilsett i Sps Stortingsgruppe.