Meny
Odd Roger Enoksen tanks

- Vi må ruste Noreg for framtida

Med krigen i Ukraina blei det politiske comebacket som forsvarsminister noko ganske annleis enn det Odd Roger Enoksen hadde sett føre seg.

Det er hektiske dagar i Forsvarsdepartementet. Krigen i Ukraina har skaka verda og på nytt sett Forsvar og beredskap høgt på agendaen, også i Noreg.

- Det Senterpartiet har vore opptatt av i mange år har no verkeleg vist seg å stemme. Vi må jobbe målretta for å ruste samfunnet for ei framtid prega av større utryggleik. Vi må ha fokus på alt frå nasjonale beredskapslager av korn og medisinsk utstyr, styrke heimevernet, til å sikre norsk eigarskap og kontroll over naturressursane, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen som har funne litt tid i ein elles fullstappa kalender.

- Så blir det viktig at vi rustar Forsvaret vårt til å møte den krevjande tryggleikssituasjonen. Regjeringa har sett ned både ein forsvarskommisjon og ein totalberedskapskommisjon, resultatet av deira arbeid blir viktig, fortel forsvarsministeren.

Ein kan trygt seie at dei fyrste månadane i regjering vart noko litt anna enn det Enoksen hadde sett føre seg då han fekk spørsmålet om han ville bli minister i fjor haust.

- Veldig annleis enn det eg såg for meg. Krig i Europa i 2022 hadde eg ikkje førestilt meg då eg takka ja til å bli forsvarsminister. Noreg har fått ein meir farleg nabo i nord, noko som har konsekvensar for utviklinga av Forsvaret vidare. Vi må sjå på tiltak for å styrke vårt eige Forsvar både på kort og lengre sikt. Forsvaret må vere meir tilstades i våre nærområde og øve og trene meir. Samarbeidet med våre allierte i NATO er også viktigare enn nokon gong.

I ei uoversiktleg og krevjande tid som det vi står i no kjem nok den politiske erfaringa til Enoksen godt med. Det er jo ikkje fyrste gong han er minister i ei regjering. Fyrste gong var i 1999 då han var kommunalminister og i 2005 vart han olje- og energiminister. Etter fleire år som administrerande direktør ved Andøya Space gjorde han i fjor haust «politisk comeback».

- Det er fyrst og fremst eit kjempestort privilegium å bli spurt om å vere med i regjering for tredje gong. Eg set stor pris på  å vere del av eit så spanande Senterparti-lag og eg er opptatt av at me må nytte høve til å sette preg på Noreg framover, seier Enoksen.

- Kva tankar gjorde du deg når du fekk spørsmålet?

- «Meiner du alvor, Trygve?» Eg tenkte på alder, så hadde eg ein utruleg spanande jobb kor eg hadde jobba i 14 år og kor me akkurat hadde sikra finansiering til vidareutvikling av Andøya Space. I tillegg avgjerda om Andøya. Det var ikkje ei enkel avgjerd for meg, fortel Enoksen.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen på vintertesting av nye stridsvogner på Rena

Nettopp bevaring av flystasjonen på Andøya var ei viktig sak for mange, men som ikkje Sp fekk gjennomslag for i regjeringsforhandlingane.

- Kva seier du til dei som er skuffa?

- At det skjønar eg, seier Enoksen.

- Kva moglegheiter ser du med Andøya framover som kanskje kan kompensere for den skuffelsen som mange kjenner på?

- Eg fryktar ikkje for framtida på Andøya og ser ei lovande framtid med mange ulike moglegheiter. Andøya Space har blitt ei hjørnesteinsbedrift og kjem berre til å bli viktigare både for Forsvaret og lokalsamfunnet. Verksemda har fått finansiering til å utvikle seg og Andøya kjem til å bli ein teknologikommune med spanande utviklingsmoglegheiter innafor romindustrien. Det er også spanande prosjekt innafor landbasert oppdrett og reiseliv, seier Enoksen før det bankar på døra.

Det er rådgjevaren Marie Lamo som minner om at det nærmar seg neste møte. Lamo, som kjem frå Stord, var rådgjevar for Senterpartiet i utanriks- og forsvarskomiteen Stortinget før ho fekk spørsmål om å bli rådgjevar i departementet. Med seg på laget har Enoksen også fått «samfylking» Bent-Joacim Bentzen, som var fylkesråd for transport og infrastruktur i Nordland fylkeskommune før han fekk jobben som statssekretær.

Enoksen gjer seg klar til neste møtepunkt og på vegen ut av kontoret minner han om at sjølv om krigen i Ukraina no på mange måtar er altoppslukande så skal Senterpartiet likevel setje sitt preg på Noreg i tida framover. 

- Det er viktig at vi får brukt vår posisjon til å gjennomføre Senterpartiets gode politikk. Vi må legge til rette for at folk skal kunne leve gode liv i heile landet vårt. Gode tenester nær folk gjev tryggleik i kvardagen. Levande og gode lokalsamfunn har vore ei suksesshistorie for landet vårt og det må vi jobbe for i posisjon så vel som i opposisjon, avsluttar Enoksen.