Meny
Sps politiske ledelse i Landbruks- og matdepartmentet, frå venstre: Politisk rådgjvar Siv Sætran, statsråd Sandra Borch og statssekretær Wenche Westberg. Foto Karl Kristian Langeland.

Vi skal ha eit aktivt landbruk i heile Noreg!

Jordbruksoppgjeret nærmar seg og det er spanande månadar i vente for landets nye landbruks- og matminister. Då må familien heime berre finne seg i at ho ikkje kan bidra så mykje under årets lamming.

Hovedbildet: Senterpartiets politiske ledelse i Landbruks- og matdepartmentet, frå venstre: Politisk rådgjevar Siv Sætran, statsråd Sandra Borch og statssekretær Wenche Westberg. Foto: Karl Kristian Langeland.

 

- I landbruks- og matdepartmentet, berre eit lite steinkast frå høgblokka i regjeringskvartalet, er Sandra Borch akkurat ferdig med eit «Teams-møte», og no ventar eit filmkamera og innspeling av velkomstvideo til nye medlemmar i Senterpartiet. At det er hektisk er noko den nye ministeren har blitt godt van med siste månadane.

- Det har vore høgt tempo sidan vi kom inn i departementet, og det er mykje å ta tak i, men eg veit utruleg godt kor mykje hardt arbeid som vert lagt ned i landbruket kvar einaste dag, for å sikre oss som nasjon god, trygg og norsk mat. Då er det klart at eg skal bidra med det både eg og Senterpartiet kan for at vi framleis skal ha eit aktivt landbruk i heile landet, også i åra som kjem.

Landbruksnæringa er ikkje noko nytt tema for ministeren som vaks opp på ein gard i Troms. Likevel gjorde ho seg nokre tankar når ho fekk spørsmålet om ho kunne tenkje seg å bli landbruksminister.

- Det går ganske mange tankar gjennom hovudet når ein får eit slikt spørsmål, men landbruksdepartementet er jo regjeringa sitt aller viktigaste departement, så det var aldri nokon tvil om at eg måtte takke ja til denne jobben. Så måtte eg jo ganske raskt nemne det for familien heime i Lavangen, for eg kjem nok ikkje til å kunne bidra så mykje heime i sauefjøset under årets lamming, for då er det nok jordbruksforhandlingar det går i for min del, seier Sandra og smiler.

Sandra Borch kontoret 200222.png
Sandra Borch på kontoret i Landbruks- og matdepartementet

Når den nye velkomstvideoen vert filma sit Sandra bak pulten sin, og ein kan tydeleg sjå at Sandra har sett eit senterpartipreg på kontoret. På hylla bak ho står både ein turkopp med firkløver på, eit bilete av ein stjernehimmel med senterpartilogo og eit bilete av stortingsgruppa til partiet. Også landbrukspolitikken har fått merke at ei ny regjering er på plass, men det tek tid å rette opp åtte år med blått styre meiner Sandra.

- Norsk landbruk treng større forutsigbarheit og ei regjering som ikkje berre seier at ein skal satse på norsk matproduksjon, men som også viser det i praksis. Vi har ein svært ambisiøs regjeringsplattform som peikar i ei klar retning for landbruket.  Det viktigaste her vil sjølvsagt vere å tette inntektsgapet, auke vår eigen matproduksjon og sikre eit aktivt og levande landbruk i heile landet.

Det tok ikkje lange stunda frå nøkkelen til departementet var overrekt til arbeidet med ein ny og betre kurs for landbruket var i full gong.

- Etter eit par timar i landbruksdepartementet, var vi i gong med tilleggsforhandlingar med landbruket, forhandlingar som den førre regjeringa verken evna eller ønska å følgje opp, og vi kvitterte ut kravet som kom på 754 millionar. Etter dette har kostnadene i næringa halde fram med å auke, og vi er no oppe i 1,5 milliard kroner i ekstraordinære midlar til norsk landbruk som vår regjering leverte på dei fyrste 100 dagane, mellom to landbruksoppgjør. Det er sjølvsagt ikkje nok, og dei krevjande tidene er ikkje over, men dette syner i alle fall ei tydeleg retning, og vilje frå oss til å bidra.

- Kva blir prosessen no fram mot jordbruksoppgjeret?

- Jordbruksoppgjeret 2022 vil kome før vi får lagt fram vår plan for inntektsopptrapping for jordbruket, men vil vere eit viktig fyrste steg i den retning. Å vente på ekspertutvalet si utredning, Grytten, 1 juli 2022, er ikkje til hinder for eit godt jordbruks­oppgjer til våren som legg til rette for inntektsmoglegheiter for den sjølvstendige næringsdrivande bonde. Det er viktig at det vert gjennomført ei grundig utredning som grunnlag for opptrappingsplanen, så her må vi ha fleire tankar i hovudet samstundes. Dei siste to åra har det ikkje vore ordinære forhandlingar, så eg ser fram til at vi får sett oss ned saman med bondeorganisasjonane, for å komme i gong med gjennomføringa av våre felles ambisjonar om å lyfte norsk landbruk.  

- Bondeopprøret har fått mykje merksemd. Kva tenkjer du som landbruksminister om den rolla dei spelar?

- Bondeopprøret har synleggjort viktigheita av norsk landbruk gjennom sin kampanje, og som landbruks- og matminister heiar eg på alle som bidreg til å framsnakke den norske bonden og norsk matproduksjon. Så er det viktig at vi alle hugsar at det å framsnakke norsk landbruk er eit kontinuerleg arbeide, og her må vi alle bidra med vårt i samtalar med folk, rundt kjøkkenbordet, på butikken, i folkemøter eller på bussen, seier Sandra. 

Sandr Borch med tømmerplakat 200222.png
Landbruks- og matminister Sandra Borch

Norsk landbruk er meir enn jordbruksoppgjer, tollvern og kvoter. Norsk landbruk er mat og matglede. I rolla som landbruks- og matminister blir det mykje av nettopp det.

- Eg er veldig glad i all slags mat, og det må ein vel kunne seie er ein fordel i mi rolle, men det er vanskeleg å kome med ein klar smaksfavoritt so langt, seier Sandra og ler før ho trekk fram maten ho fekk servert på fylkesbesøk i Troms no nyleg.

- Då smakte eg ei utruleg god bacalaogryte på fjellkysten i Lavangen. Eg  må også trekkje fram at eg for fyrste gong smakte pultost for ikkje så lenge sidan når eg var på besøk på Tine sitt  meieri i Trysil. Det var interessant, fortel Sandra og smiler lurt.

- Men den smaksrike osten er full av sunne protein og det er eg sikker på kjem godt med når vi skal kjempe vidare for landbruket i månadane som kjem!