Meny

Ynskjer seg fleire timar i døgnet

Fleire Senterungdommar kom inn på Stortinget etter valet i 2017, og den yngste av dei alle fekk plass i Justiskomiteen.

For Emilie Enger Mehl (24), representant for Hedmark, var det ganske uverkeleg å bli valt inn på Stortinget.

Eg sat på valvake hjå NRK i Elverum og turte ikkje å stole på at eg faktisk var inne før eg sto opp dagen etter. Då byrja ballen å rulle fort, og den nye kvardagen som Stortingsrepresentant var i gong. Det har so langt vore fantastisk å vere med på reisa Senterpartiet har hatt oppover meiningsmålingane og som det beste opposisjonspartiet, seier Emilie.

Ganske kort tid etter at brakvalet til Senterpartiet var eit faktum fekk Emilie plass i justiskomiteen. Noko som passa ho retteleg bra.

Som jurist er det eit felt eg har stor interesse for, og det er utruleg morosamt å få bruke mine erfaringar inn i kjernen av norsk justispolitikk. Vi famnar om viktige områder som beredskap i heile landet, eit politi nær folk, ei straffelovgiving i balanse mellom straff og førebygging og at både domstolar, kriminalomsorg og politi må fungere for å ha balanse i straffesakskjeda. Eg har fått føle på viktigheita av å vere prinsipiell, og hugse på at vi ikkje kan gjere vedtak berre basert på enkeltsaker, fortel Emilie som sit i komiteen saman med Jenny Klinge.

- Det har vore kjempegøy å få jobbe med Jenny som er ein veldig erfaren representant eg kan lære mykje av.
 

Korleis fordeler du og Jenny arbeidet?
 - Vi har fordelt nokre hovudansvarsområder oss i mellom, som at Jenny fyrst og fremst har politisektoren og våpenlovgiving, medan eg følg opp beredskap og domstolar, og så har vi en god flyt oss i mellom slik at begge jobbar litt med alt. Med to representantar i komiteen har vi dobbelt så stor arbeidskapasitet å ta av, så det er viktig å tenke at vi ikkje berre skal dele opp politikken, men heller klare å vere dobbelt så synlege og gode på til dømes politi. 

Men det kan vere krevjande å vere senterpartist i eit Storting der ein ikkje har fleirtal.

- Dessverre må vi kjempe mot eit fleirtal beståande av Høgre, FrP og Arbeidarpartiet som gjennomfører politireforma. I fjor fikk vi ein stor siger då vi fekk gjennomslag for at lensmannskontor som ikkje vart lagde ned skal styrkast, men no er ting dessverre usikkert med ny regjering, seier Emilie som fryktar at sentraliseringsbølga berre kjem til å halde fram no som ei fleirtalsregjering er koma på plass. Likevel ser ho også moglegheiter.
 

- Sjølv om regjeringa no har fleirtal i Stortinget har vi framleis mykje uformell makt. Rovdyrpolitikken er eit døme på ei sak der viktigheita av å skape engasjement og legge press på regjeringa har kome tydeleg til syne. Det handlingsrommet vi har hatt til å fremme forslag som kan få fleirtal med KrF er nok borte, men vi må heller gjere det vanskelegare for dei å gjennomføre politikk vi er usamde i.  

Den siste tida har Sp fått mykje merksemd og opplever god medlemsvekst. Emilie trur årsaka til det er at folk ser at Senterpartiet lyttar til dei.

- Som folkevald må ein aldri gløyme at ein er vald inn basert på tillit til at ein vil representere folk. Det gjeld uansett om det er i kommunestyre, fylkesting eller Storting. Det er utroleg motiverande å vite at vi har så mange i ryggen på det vi gjer!
 

No eit godt år sidan du vart Stortingsrepresentant, kva vil du seie har vore det beste og det verste?
 - Det er ei utroleg givande oppgåve å få representere folk på Stortinget, og å føle at mi stemme verkeleg tel. Eg føler alltid på eit stort ansvar på grunn av den tilliten eg har fått, og skulle ønske eg rakk «alt». Det verste må vere at døgnet framleis berre har 24 timar. Eg skulle gjerne fremma forslag om å legge på nokre ekstra timar i døgnet, avsluttar ei smilande Emilie.