Generell væpning av politiet
Med eit endra kriminalitetsbilete, der kriminaliteten har blitt tøffare og der dei kriminelle ofte er utstyrte med våpen, meiner Senterpartiet at generell væpning av politiet i operativ teneste er naudsynt.
Det kan raskt oppstå uføreseielege og farlege situasjonar for politifolk som er ute i felt. Men væpning er ikkje berre eit svar på kriminaliteten, men eit verkemiddel for å ivareta tryggleiken for både innbyggjarane og politiansatte i teneste. Senterpartiet meiner at det sjølvsagt er eit viktig prinsipp at politiet skal bruke minst mogleg makt, uansett kva maktmiddel dei har tilgjengeleg. Fram til i dag kan politiet væpne seg i bestemte situasjonar eller på spesielle stader. Det har i mange år vore praksis med såkalla framskoten lagring av våpen i alle politiets patruljebilar, for å sikre rask responstid og god beredskap.