Grunnrenteskatt
Prinsippet om at fellesskapet skal ha ein del av avkastninga ved å utnytte fellesskapet sine naturressursar, har tent Noreg godt. Utan dette ville vi i dag ikkje hatt Oljefondet, som i hovudsak består av inntekter frå oljeog gass-sektoren, ikkje minst grunnrenteskatt.
Også kraftverksbeskatninga har bidrege til betydelege skatteinntekter til staten og kommunesektoren. Det har vore brei semje om at ein stor del av grunnrenta frå petroleum og kraftnæring skal tilfalle fellesskapet. Senterpartiet meiner at grunnrenteskattar eignar seg godt for næringar med høgt, men varierande overskot, sidan skatten automatisk tilpassar seg lønsemda i næringa. Har ein ikkje overskot, betaler ein ikkje skatt. Dette skil seg frå ein produksjonsavgift, der ein betaler uavhengig av overskot.