Mobbing og utanforskap
Senterpartiet tek kampen mot mobbing og utanforskap på alvor, fordi vi meiner at alle elevar har rett til ein trygg skuledag utan frykt. På Stortinget har Senterpartiet sikra fleirtal for at lærarar kan gripe inn fysisk når elevar forstyrrar undervisninga, skadar personar eller eigedom, eller mobbar og trakasserer andre.
Det er viktig at alle elevar kjenner seg trygge på skolen. Å styrkja laget rundt eleven og førebygge mobbing må òg til dersom samfunnet skal lukkast med å
motverka utanforskap Dette er nødvendig for at ingen skal falle utanfor, uansett kvar dei bur i landet.
Senterpartiet meineer at ein viktig del av dette er å leggje til rette for desentraliserte tenester som møter elevane sine behov der dei er. Vår politikk om små skilnader og sterke fellesskap inneber at vi vil gi kommunane ressursar til å følgje opp elevane, slik at mobbing blir stoppa tidleg og utanforskap blir bekjempa. Slik kan vi sikre ein inkluderande skule for alle