Meny
2020 Politiet på Dombås, Oppland

Nær folk i heile Noreg

Publisert : 07.06.2023

Det unike med Noreg er at det bur folk i heile landet, at det finst attraktive og gode lokalsamfunn uansett kvar du bur. Me skal ha ein nasjonal politikk som skapar levande lokalsamfunna i heile Noreg. Det er ingen grunn til at alt skal sentraliserast. Noko av det fine med Noreg er at vi har store og små stader. Vi i Senterpartiet trur på heile Noreg, ikkje på eit sentralisert land.

Les meir:

Les heile det landsmøtevedtatte dokumentet Nær folk i heile Noreg, med mange konkrete punkt på:

  • Gode tenester nær folk
  • Attraktive arbeidsplassar i heile landet
  • Framtidsretta infrastruktur

Les dokumentet her

Senterpartiet er eit parti som trur på heile Noreg. Me har i meir enn 100 år kjempa for at det skal vere mogleg å realisere gode liv i heile landet. Noko av det mest unike med Noreg er at det bur folk i heile landet, at det finnest attraktive og gode lokalsamfunn nesten uansett kvar du reiser, anten du vitjar tettstader, småbyar, bygder eller storbyar.

Lokalsamfunn som alle er forskjellige med sine særtrekk, men som til saman skapar eit  Noreg me alle er så glade i. Det er inga sjølvfølgje at det er slik, og det er inga sjølvfølgje at det skal halde fram å vere slik. Senterpartiet vil føre ein politikk som gjer at folk på fritt  grunnlag kan velje kvar dei vil bu, anten det er i tettstader, småbyar, bygder eller  storbyar. Byar og bygder i landet vårt, lokalsamfunna langs kysten vår, inne i fjordane våre, i  fjellregionane, eller inne i skogane har alle noko til felles: Dei vart skapa av hardtarbeidande folk som ville nytte naturressursane nær seg, til å skape eit betre liv for seg og sin familie. Alle som dyrka eller braut opp ny jord, som reiste fiskevêr eller bygde kraftverk og industri, alle var dei med på å skape dei levande lokalsamfunna som til saman utgjer dagens Noreg. Desse vil Senterpartiet ta vare på.

Senterpartiet har trua på at ein meir aktiv politikk i større grad enn i dag kan leggje til 18 rette for draumen om å realisere gode liv rundt om i heile landet. Me vil jobbe for at arbeidsplassar, infrastruktur, velferdstilbod, tryggleik og moglegheitene finnest over heile Noreg, i store og små samfunn.

Distriktspolitikken må ha som mål å ta vare på hovudtrekka i busetjingsmønsteret, leggje vekt på å styrkje stadene sin berekraft og folka som bur der sine levekår, vidareutvikle særpreg og ha eit breitt spekter av tiltak for å syte for gode løysingar for alle aldersgrupper. Dette krev andre løysingar i område med spreidd busetjing enn i tettbygde strøk.