Meny
2017 Eldreomsorg. Ullerud Helsebygg, Frogn, Akershus

Trygg omsorg

Publisert : 07.06.2023

Vi vil at eldre må få bo i egen bolig lengst mulig dersom de kan og vil, men ha tilbud om nok og trygge omsorgsboliger eller sykehjemsplasser når de har behov for det. Vi vil ha et sterkt offentlig helsevesen som garanterer likeverdige tjenestetilbud i hele landet og som hindrer todeling av helsetjenesten.

Les meir:

Les heile den landsmøtevedtatte fråsegna Norsk helsevesen og velferdsmodell må sikrast.

Les dokumentet her

God omsorg oppstår i møtet mellom menneske og har følgjer for dei som treng og får hjelp, pårørande og tilsette. For å oppnå god omsorg for innbyggarane er det avgjerande med ein god kommuneøkonomi som sikrar eit godt tilbod av tenester og menneskelege ressursar gjennom dyktige leiarar og tilsette.

Det skal setjast tydelegare krav til samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunesektoren. Det må stimulerast økonomisk til oppretting av fleire distriktmedisinske senter og intermediære avdelingar, gjerne i regionalt samarbeid mellom kommunar. Pasientbehandlinga i framtida krev nedbygging av skotta mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Fastlegeordninga fungerer ikkje slik ho skal, verken for legane eller for pasientane. Mange kommunar slit med å få nok fastlegar, og legane sjølv bruker unødvendig mykje tid på administrasjon og byråkrati. Mange distriktskommunar slit derfor òg med legevakttenesta. Senterpartiet vil prioritera tiltak som både stabiliserer og rekrutterer til fastlegeordninga, og vil forenkla ordninga slik at ho verta meir attraktiv for legane.

Senterpartiet vil ha eit sterkt offentleg helsevesen som garanterar likeverdige tenestetilbud i heile landet og som hindrar todeling av helsetenestene. Våre helsetenester skal ha kvalitet, vera offentleg finansiert og vi skal ha lave eigenandelar. Markedstenking og privatisering svekkjer det offentlege tilbodet og gir økte sosiale og geografiske forskjelar i tilgang på helsetenester.

Senterpartiet  har sidan innføringa av helseføretaksmodellen vore sterkt kritisk til korleis modellen styrer spesialisthelsetenesta. Helseføretaksmodellen set bedriftsøkonomi og målstyring øvst, medan Senterpartiet meiner at sjukehusa igjen må bli til for innbyggjarane og pasientane og vil gjennomføre konkrete endringar for å sikre demokratisk forankring i styring av sjukehusa, redusere marknadstenkinga og sikre fagleg skjønn, leiing og kultur.

Norge skal ha ein desentralisert sjukehusstruktur som sikrar beredskap, og gjev alle innbyggjarane forsvarleg og trygg behandling på sjukehus. I ein sterk, offentleg og solidarisk helseteneste er fagfolka sjølve nerven, og den ressursen me må ta best vare på. Norske sjukehus må organiserast slik at helsepersonell får bruka tida på pasientkontakt. Sjukehusa må byggast med nok kapasitet og rom til behandling og pleie, samtidig som dei må vera gode arbeidsplassar for dei som jobbar der. Ein ser at enkelte nye, store prosjekter har vokst og tek store delar av det økonomiske handlingsrommet. For å realisera ambisjonane i heile helseregionane må ein sjå på nedskalering av det som har blitt store prestisjeprosjekt på vegne av andre tilbod. Trygg økonomisk styring er det viktigaste vi gjer for å sikra det norske helsevesen og velferdsmodellen akkurat nå.