Arbeiderpartiregjeringa sviktar næringslivet
Høgre, Framstegspartiet og Arbeiderpartiet sikra fleirtal for ACER og norsk tilknyting til EU sin energimarknad. Det bidreg til å ta vekk eit av dei store konkurransefortrinna for norsk næringsliv, stabil tilgang på rimeleg kraft. No fell dette saman med auka drivstoffprisar knytt til både konfliktar internasjonalt, men også ein klimapolitikk der avgiftene aukar utan at det alltid finst reelle alternativ for bedriftene. Mange verksemder manglar både tilgang på nødvendig kraft og moden teknologi for å redusere utsleppa, dette råkar særleg hardt dei små og mellomstore bedriftene.
Skal vi lukkast i å auke verdiskapinga og å få levande lokalsamfunn og eit berekraftig næringsliv over heile landet, må vi skape lange verdikjeder og norske arbeidsplassar av dei rike naturressursane vi har. Vi må sikre meir norsk eigarskap, bidra meir til at verksemder kan få tak i rett kompetanse og leggje til rette for meir foredling i Noreg. Fiskeri, havbruk, landbruk, maritim næring, reiseliv og industri er avgjerande for både eksportinntekter, busetjing og nasjonal beredskap.
Senterpartiet vil difor arbeide for at verksemdene våre får lågare energi- og drivstoffkostnader, mindre byråkrati og ein klimapolitikk som bygger opp under norsk næringsliv og norsk teknologiutvikling. Vi må må ha ei tydelegare prioritering av kva energien skal brukast til. Norske naturressursar skal i større grad kome norsk næringsliv og norske lokalsamfunn til gode.
Senterpartiet ønskjer nye og offensive tiltak for å styrke norsk næringsliv.
-
Gjere tiltak for å redusere energi- og drivstoffkostnadane for næringslivet.
-
Gå målretta gjennom regelverk og rapporteringar med sikte på å redusere byråkratiet for norske verksemder og motarbeide unødvendige rapporteringskrav frå EU som aukar kostnadene utan tilsvarande nytte.
-
Få fortgang i arbeidet med ein redusert og betre innretta formueskatt som sikrar at små og mellomstore verksemder lettare kan nytte kapital til investeringar, utvikling og arbeidsplassar.
-
Styrke verksemder i heile landet sin tilgang på arbeidsfolk med riktig kompetanse gjennom større satsing på desentralisert utdanning og betre samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, fagopplæring og lokalt næringsliv.Styrke norsk energiforsyning gjennom å auke nasjonal styring over krafteksporten og fase ut dei kraftkablane Skagerak 1 og 2 til Danmark.
-
Få fortgang i satsinga på opprustning og utviding av norsk vasskraft og annan grøn energiproduksjon og styrka kraftnett.
-
Ha ei tydelegare prioritering av kraft og nettkapasitet til eksisterande industri, næringsliv og arbeidsplassar framfor kraftkrevjande etableringar med avgrensa lokal verdiskaping.
-
Innføre etableringsstopp for nye datasenter fram til sommaren 2027, og få på plass eit konsesjonssystem for datasenteretablering.
-
Raskt få på plass økonomiske insentiv som sikrar auka aktivitet for bygge- og anleggsnæringa gjennom nødvendige satsingar som til dømes eldrebustader, fylkesvegar og hamner.
-
Auke satsinga på samferdsle som bind landet saman, tek vare på infrastrukturen og dempar avstandsulemper.
-
Sikre ein klimapolitikk som tek omsyn til konkurransekrafta til norsk næringsliv og sikrar rettferd mellom verksemder utanfor og innanfor kvotesystemet.
-
Verksemder som ikkje har tilgang på nødvendig kraft eller moden utsleppsfri teknologi, må få målretta kompensasjonsordningar eller andre tilpassingar som gjer det mogleg å halde fram med produksjon og arbeidsplassar i Noreg.
-
Auke satsinga på utvikling av miljøvenleg teknologi, energieffektivisering, bioenergi og andre miljøvenlege energibærarar gjennom Enova og Innovasjon Norge.
-
Sikre at bygging av dei standardiserte fartøya som Forsvaret skal skaffe seg, baserer seg på nasjonal konkurranse. Dette for å sikre nasjonal kontroll og norsk verdiskaping. Sikre utviklingskontraktar med bedrifter som fører til produksjon i Norge.
Uttalelse fra Senterp