Appell mot frykten for å verta stempla som "berre ei kvinne"
Innlegg på landsstyremøtet i Senterkvinnene 13. februar 2021, til debatten om Senterkvinnene sin eksistens: «Det burde vera uproblematisk om ein samlar seg med kjønn som innfallsvinkel eller om det er p.g.a. interesser; alt det tydar på er jo engasjement.» Unn C. Fyllingsnes, Senterkvinnene i Møre & Romsdal
Appell mot frykten for å verta stempla som «berre ei kvinne»:
Kvinner er gründerar, folk som ser moglegheiter,
som tør å ta sjansar
og skapar gode lokalsamfunn;
me driv lag og foreiningar, dyrkar fram kulturlivet.
Me vil ha gode jobbar,
trygge levevilkår
og eit liv
utanom jobben.
Me er ikkje fødemaskiner
som blir med mannen
på flyttelasset
når han får seg jobben han vil ha!
Kvinner i dag er urbane menneske
som ikkje er redde for
å flytta på seg, men
som vil ha urbane kvalitetar
også på bygda.
Me vil ha møteplassar,
gode tilhøve for å byggja nettverk
- me vil ha breibandstilgang
slik at me kan arbeida
på tvers av bygd og byar!
Me tenkjer framtidsretta, me har perspektiv,
me har intelligens og kraft!
Kvinner
skulle ikkje trenga å prøva å vera
«like kule som gutta»
for å få gjennomslag
- me kan vera kvinner og stå for det,
med alt ei kvinnelivsreise inneber!
Kvifor skal me skjemmast
og leggja alt til side
når ein trer inn i det politiske biletet?
Heia Bunadsgeriljaen,
Senterkvinnene og
kvinnefellesskap
som løftar fram
i staden for å gøyma vekk
i skuggen av ein gubbe
- kvinneleg eller mannleg -
som fryktar alt som trugar den snevre verda dei ser.
Kvinner byggjer samfunn og me treng plass.