Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar.
Jorda er ein arv som vi forvaltar for etterkomarane våre. Senterpartiet vil at Norge skal forvalte naturressursane og ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema. Dei fornybare naturressursane er eit viktig fundament for samfunn og økonomi.
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gi folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Den norske samfunnskontrakten – der vi yter etter evne, og der fellesskapet stiller opp for kvar enkelt – føreset at det er tillit mellom folk. Rettferdig fordeling, små forskjellar og sosial tillit heng tett saman.
Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske forskjellar. Der det skal vere rom for - og støtte å få til - å utvikle seg sjølv og nye idear og verksemder.
Likestilling og likeverd er ein viktig føresetnad for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, funksjonsevne, kulturell og språkleg bakgrunn. På Agder har vi utfordringar med omsyn til likestilling, og det er naudsynt med medvite arbeid for at alle skal ha høve til å ta del i arbeids- og næringsliv og ha innverknad på utviklinga av samfunnet og demokratiet.