Heile Fjell og Testane
Fjell og Testane skal vere ein stad der det er godt å leve, bu og arbeide. For å få til dette er det naudsynt med bevisst samarbeid mellom byane på kysten og innlandet. Vi tek heile Fjell og Testane i bruk!
Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar.
Jorda er ein arv som vi forvaltar for etterkomarane våre. Senterpartiet vil at Norge skal forvalte naturressursane og ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema. Dei fornybare naturressursane er eit viktig fundament for samfunn og økonomi.
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gi folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Den norske samfunnskontrakten – der vi yter etter evne, og der fellesskapet stiller opp for kvar enkelt – føreset at det er tillit mellom folk. Rettferdig fordeling, små forskjellar og sosial tillit heng tett saman.
Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske forskjellar. Der det skal vere rom for - og støtte å få til - å utvikle seg sjølv og nye idear og verksemder.
Likestilling og likeverd er ein viktig føresetnad for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, funksjonsevne, kulturell og språkleg bakgrunn. På Agder har vi utfordringar med omsyn til likestilling, og det er naudsynt med medvite arbeid for at alle skal ha høve til å ta del i arbeids- og næringsliv og ha innverknad på utviklinga av samfunnet og demokratiet.
Kunnskap og kompetanse er grunnleggjande for oss alle. God vidaregåande opplæring er viktig for å kvalifisere seg for yrkeslivet og høgare utdanning. Senterpartiet har lenge arbeidd for at skulesystemet i større grad skal anerkjenne praktisk kunnskap, og meiner entreprenørskap og sterk integrering/samhandling mellom skule og næringsliv er viktig for motivasjon og læring. Læraren er den viktigaste faktoren for god læring. For at lærarane i større grad kan konsentrere seg om læringsarbeidet, må skulen bli styrka med anna fagfolk for at skulen kan møte elevane sine samansette behov best mogleg.
- Senterpartiet meiner ein må arbeide bevisst med å få til god overgang frå grunnskule til vidaregåande.
- Senterpartiet vil styrke skulehelsetenesta. Dette er naudsynt for å betre arbeidet med psykisk helse, motverke mobbing, førebygge fråfall og syte for eit godt sosialt miljø for alle i skulen.
- Senterpartiet meiner ein desentralisert skulestruktur er av stor verdi. I tillegg til å sikre gode fagmiljø, er det svært viktig for elev og nærmiljø at ein kan bu heime medan ein tek vidaregåande.
- Senterpartiet ønsker en geografisk basert inntaksmodell, der elevene blir prioritert til sin nærmeste skule med ønska programtilbud.
- Senterpartiet meiner at statusheving på yrkesfaga saman med tilgang på læreplasser må til for å auke rekrutteringa til yrkesfag. Det betyr at vi må gje yrkesfaga gode rammer og ha ei offensiv haldning til å skaffe nye lærebedrifter. Fleire yrkesfagelevar bør kunne få fleksible opplæringsløp for betre gjennomføring.
- Senterpartiet meiner Fylkeskommunen må arbeide aktivt for å sikre livslang læring og auka kompetanse i heile fylket, og må syte for desentralisert tilbod i regi av fagskulen i Grimstad.
- Senterpartiet meiner Fylkeskommunen må aktivt arbeide for å styrke utviklinga av UIA og vektlegge at UIA har eit godt og desentralisert tilbod om etter- og vidareutdanning på høgskule og universitetsnivå.
Å behalde alle tre sjukehusa på Agder, med akuttmottak og eit godt fagleg tilbod på alle stadene er eit overordna mål for Senterpartiet. Vi vil og prioritere folkehelsearbeidet høgt.
- Senterpartiet står fast på at tilbodet om tannehelseteneste framleis må vere desentralisert slik at alle på Agder får eit godt tilbod.
- Senterpartiet vil at fylkeskommunen skal ta ei aktiv rolle for å syte for at SSHF får ei utvikling som er til beste for helsetilbodet for alle på Agder.
- Senterpartiet vil gjere folkehelse til ein prioritert del av fylkeskommunen sitt planarbeid og i folkehelsearbeidet skal kultur og fritidstiltak vere eit satsingsområde. Eit døme på dette er «Den kulturelle spaserstokken» som fylkeskommunen må syte for når ut til flest mogleg.
- Senterpartiet har programfesta at tannhelse bør vere gratis fram til ein har fylt 21 år. Fylkeskommunen bør politisk arbeide for dette.
For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig med eit rikt og variert kulturtilbod med stort mangfald av kulturaktivitetar og kulturuttrykk. Dette må bli tilrettelagt slik at alle innbyggjarar får ta del i kunst- og kulturlivet.
- Senterpartiet på Agder vil gjennom fylkeskommunen sitt arbeid i størst mogleg grad støtte opp om og styrke friviljug arbeid, kulturformidling og auke kompetansen på kulturområdet.
- Senterpartiet meiner at den kulturelle skulesekken er eit eksempel på å få kultur ut til barn og unge. Det er viktig at Fylkeskommunen aktivt arbeider for å få dette og liknande tilbod ut til flest mogleg.
- Senterpartiet vil at det skal vere eit folkehelseperspektiv i idrettssatsinga, med vekt på breiddeidrett og aktivitet for barn og unge.
- Senterpartiet meiner at fylkeskommunen skal arbeide aktivt for at folk i alle aldre, i ulik fysisk form og med funksjonshemmingar, gjennom friluftsliv får bruke - og nyte – naturen på Agder. Vidareføring og styrking av ordninga med statleg sikring av friluftsområde er viktig i dette arbeidet.
- Det vi vere eit særskilt satsingsområde for Senterpartiet å sikre at Agder får tilført statlege ressursar på kultur og idrettsområdet på linje med andre fylke.
God infrastruktur er ein føresetnad for god utvikling av eit godt samfunn. Infrastrukturen må bli utbygd slik at alle som bur på Agder kan dra nytte av den. Mjuke trafikantar må ha god og sikker framkomst. Tilrettelegging for redusert bruk av bil er viktig miljø- og folkehelsetiltak.
- Senterpartiet vil at det skal vere ein rett å ha mobildekning og tilgang på høghastighets-breiband. Agder fylkeskommune må vere ein pådrivar for å auke dei statlege tilskota, og gå inn med eigne midlar for å sikre full dekning. Fylkeskommunen må utarbeide ein plan for full dekning på Agder.
- Senterpartiet meiner det er heilt naudsynt at DAB blir utbygd til å gje fullgod dekning på Agder. Dette er svært viktig for beredskapen.
- Det er eit mål at alle fylkesvegane skal få fast dekke. Senterpartiet vil auke løyvingane til dette.
- Fylkesveg 42 er ei viktig ferdselsåre på Agder, Senterpartiet vil arbeide for å betre standarden på denne vegen.
- Senterpartiet vil arbeide for at E 18 og E 39 må bli fullført med motorvegstandard, 4 felt, frå Oslo til Stavanger. Rv 9 må fullførast med gul stripe til Hovden innan 2023 som planlagt. Finansiering av Rv41 må sikrast.
- Senterpartiet meiner at Kjevik skal være landsdelens hovedflyplass. Vegen til Kjevik må fullfinansierast og bli bygd ut så raskt som råd.
- Sørlandsbanen er viktig for heile Agder. For at Sørlandsbanen skal fylle rolla si for landsdel og lokalbefolkning må toga som går vere tilgjengeleg for av og påstigning utanfor bysentra. Senterpartiet vil arbeide for at alle tog stoppar ved behov på dagens stasjonar.
- Senterpartiet meiner at fylkeskommunen må arbeide for at det på sikt blir lagt til rette for bruk av lokaltog på Sørlandsbanen.
- Senterpartiet vil arbeide for at samankopling mellom Sørlandsbanen og Vestfoldsbanen blir gjennomført med stasjon på Brokelandsheia.
- Senterpartiet vil ha mest mogleg gods vekk frå vegane og over på jarnbane. For å få god logistikk på godstransporten må arbeidet til hamnene på Agder bli betre samordna.
- Taxinæringa er ein svært viktig del av kollektivtrafikken. Rammevilkåra har vorte dårlegare for næringa, og dette har gått ut over tilbodet til folk. Senterpartiet vil arbeide for at løyvetildeling blir styrt slik at tilbodet til folk blir best mogleg. Den såkalla «helsekøyringa» bør vere reservert for dei lokale taxiaktørane.
- Senterpartiet vil auke satsinga på gang- og sykkelveg både i byer, tettstader og langs skoleveg. I tillegg til gang og sykkelvegar må sykkelskulder kunne bli bygd der det er hensiktsmessig.
- Senterpartiet vil auke satsinga på offentleg transport i heile Agder. Korrespondanse mellom buss og jernbane må prioriterast for å gje innbyggarane eit reelt alternativ til bruk av bil.
- Det er viktig at ordninga med tilbringarteneste blir vidareført og utvikla. Senterpartiet vil arbeide for at fylkeskommunen prøver ut ordningar med fleksibelt kollektivtilbod der kollektivtilbodet er dårleg.
- Senterpartiet meiner at det må bli etablert fleire innfartsparkeringar, og bussruter må bli lagt opp i tilknyting til desse.
- Senterpartiet vil arbeide for løysingar som sikrar lengre oppetid på mobilmastene ved straumbrot
- Fylkesvegar skal ha en vegstandard som er tilpassa trafikkbelastinga
For å ha busetnad og gode levekår i heile Agder er det nødvendig med trygge arbeidsplassar. Agder fylkeskommune må vere ein pådrivar for regionalt utviklingsarbeid i eit partnarskap med kommunane og lokalt næringsliv.
- Senterpartiet vil arbeide for at Agder fylkeskommune skal arbeide for å styrke samspelet mellom næringsliv, forsking og utdanning.
- Senterpartiet vil ha eit spesielt fokus på utviklinga aust i Agder, vest i Agder og i indre Agder – slik intensjonen i avtalen om eitt Agder seier. Midla til regionale utviklingsfond vil vi auke.
- Senterpartiet meiner at ein større del av verdiskapinga frå kraftproduksjon skal kome vertskommunane til gode.
- Senterpartiet arbeider for at staten skal betale for arkeologisk utgraving i dei tilfella funn av fornminner er til hinder for næringsutvikling.
- Senterpartiet arbeider for at fleire statlege arbeidsplassar vert lagde til Agder
- Senterpartiet vil arbeide for å få etablert næringssamarbeid rundt skog som råstoff (treklynge) og eit kompetansesenter for tre. Skogane på Agder har store ressursar som kan utnyttast betre.
- Senterpartiet vil leggje til rette for at små og mellomstore bruk skal kunne drivast, jordbruket på Agder er for det meste små og mellomstore bruk. Dette er viktig for sysselsetting og busetting og for å ta vare på kulturlandskapet.
- Senterpartiet vil styrke jordvernet og auke matproduksjonen på Agder. Vi vil arbeide for at heile Agder vert beiteprioritert sone i forbindelse med rovdyrforvaltninga
- Senterpartiet vil styrke beredskapen i landbruket, og vil vere ein pådrivar for å få til statlege ordningar knytt til kriseløysingar.
- Senterpartiet på Agder vil arbeide for å sikre at dyrehald i Norge skjer på godt og forsvarleg vis, slik at vi kan vere sikre på at dyrevelferda i Norge framleis er mellom dei beste i verda.
- Senterpartiet vil at Agder fylkeskommune aktivt arbeider for å sikre ei god utvikling i landbruksnæringa, og bidra til å leggje til rette for meir allsidig forretningsutvikling basert på landbrukseigedomane.
- Senterpartiet meiner at Agder fylkeskommune bør ha kyst og hav som eige satsingsområde.
- Havet utanfor Agder er sterkt eksponert for miljøpåverknad frå Nord Europa og Skandinavia. Senterpartiet meiner at det er svært viktig å syte for at havet framleis kan huse tradisjonelle og nye marine næringar og fungere som rekreasjonsområde for innbyggjarar og turistar utan at miljøet vert skadelidande.
- Senterpartiet står fast på at det ikkje skal leitast etter nye olje eller gassfelt, eller byggjast ut nye olje- eller gassfelt utanfor Agder.
- Senterpartiet vil støtte opp om vidareutvikling av marine næringar langs kysten av Agder.
- Senterpartiet vil arbeide for at den kommunale sjølvråderetten vert betra i kommunens arbeid med næringsutvikling
- Senterpartiet vil arbeide for eit forenkla regelverk for nydyrking av jord, og er motstandar av vern av myr, mellom anna når det gjeld nydyrking av jord
Norge skal bli et lågutsleppssamfunn i 2050. Agder er rikt på fornybare ressursar, og har ein viktig posisjon i arbeidet med å nå dette målet. Det norske kulturlandskapet, innmark og utmark, er skapt gjennom fleire tusen års aktivitet. For å ta vare på plante-, dyreliv og kulturverdiar må landskapet bli bruka, elles forsvinn det. Aktiv bruk er det beste vern.
- Senterpartiet vil jobbe for å fremme næringsutvikling knytt til lokal kraftproduksjon og at næringsutviklinga skal liggje nær produksjonsstaden.
- Senterpartiet vil leggje til rette for auka utbygging og produksjon av småkraft og få flytta konsesjonsbehandlinga frå NVE til kommune/fylkeskommune.
- Senterpartiet ønsker å jobbe for å legge til rette for vidare foredling og utnytting av avfall og restråstoff frå skog og jordbruk. Dette kan bidra til å redusere klimagassutsleppa og gi høve for økt verdiskaping innan landbruket.
- Produksjon av biodrivstoff skal ikkje gå ut over matproduksjon, matjord trengst til å produsere mat.
- Agder Fylkeskommune skal bygge i tre så langt det er mogleg.
- Senterpartiet ønsker vidareføring og auke av offentlege tilskot til ladestasjoner for el-biler i hele Agder og sette krav til at det blir bruka bussar med låge utslepp.