Meny
profilplakat-utsnitt

Senterpartiets grafiske profil

Publisert: 28 03 2023

Dei mest grunnleggjande elementa som kjenneteikner Senterrørsla er kløveren og fargen grøn, og saman utgjer dei berebjelkane i profilen vår. Kløveren blir brukt som logo, og grønt skal me bruke som hovudfarge ved alle høve.

Fargekodar, fonter, logoar o.l. finn du i profilhandboka vår på profil.senterpartiet.no.

Under her får du nokre enkle reglar og tips til bruk av logo og fargar. For å gå meir i djupna på korleis du brukar profilen vår, så kan du lese meir i profilportalen.

Les heile profilhandboka her

Logobruk

Logoen vår skal me bruke på alle flater, både trykte og digitale. Men nokre reglar har me kring bruken av logoen vår.

Verneområde

For å gi logoen nok luft rundt seg er det bestemt eit verneområde rundt logoen der du ikkje skal plassere andre element som t.d. tekst, ikon, bilete e.l. Det avgjør òg kor langt frå kanten av eit format logoen kan plasserast.

logo-verneområde 1.png
logo-verneområde 3.png

Verneområdet for våre logoar er definert som ⅓ av breidda av kløveren. Dette prinsippet gjeld både på trykk og digitalt.

feil logobruk 1.png
feil logobruk 2.png

Fargebruk

Senterpartiet har seks fargar i palletten. Fire grønfargar og to detaljfargar (kvit og oransje). Det er alltid grønt som skal vere den dominerande fargen. Sjå fargeboblane under for å få eit inntrykk av forholda fargane mellom. Les meir i profilportalen om kva fargar du kan og ikkje kan kombinere.

fargeboblar.png