Meny
david-becker-0sTbfHU51OA-unsplash

Valkampsider

Sist endret: 25 04 2023

Dei aller fleste brukar no nettsidene til dei ulike partia aktivt for å finne informasjon om politikk og politikarane som står på lister. Det kan difor vere lurt å sikre at fylkes- og lokallagssidene er godt oppdatert og ser bra ut.

Hovudorg har lagt opp to ulike alternative «malar» for korleis du kan rigge fylkes- elller lokallagssida di for valkamp. 

  1. Den enkle varianten
  2. Den avanserte varianten

Lokallag må ta kontakt med sitt eige fylkeskontor for hjelp.

Om lokallaget sjølv skal kunne gjere endringar på sida si må den personen som skal ha tilgang få tildelt rolla «Lokallagsredaktør» i Membercare.

Fylkeskontora kan ta kontakt med Torbjørn i hovudorg for hjelp.

Rettleiing: Den enkle varianten

Del 1: Forarbeid

Første del av arbeidet er å gjere klart lenkene. 

  1. Last opp valprogrammet som PDF. NB! Hugs at namnet på fila du laster opp er det som blir vist i menyen!
  2. Lag ein snarveg til ankaret "valg2023". NB! Dette føreset at heile lista er blitt lagt inn Membercare på førehand.

Del 2: Lage (evt. redigere) meny

Andre del av arbeidet er å legge til lenkene i menyen på lokallagssida.

  1. Trykk på den grøne feltet på sida for å opne meny-redigeraren på høgre side av skjermen.
  2. Skriv inn namnet på fila/snarvegen du laga i del 1. Sjå etter at du vel riktig fil/snarveg, då det er mange som kan ha same namn. Sjå då om adressa er rett.
  3. Sorter meny-punkane som du sjølv vil ha dei.
  4. Trykk på den grå «Bruk»-knappen nedst på høgre side.
  5. Publiser sida. 

Del 3: Gjer lokallagssida Facebook-venleg (valfritt)

Denne siste delen er heilt valfri, men om du ønskjer å betre kunne kontrollere korleis sida blir presentert når den blir delt på Facebook eller andre sosiale media, bør du følgje desse trinna.

  1. Gå til Facebooks «Sharing Debugger» på https://developers.facebook.com/tools/debug/ og søk opp adressa til laget ditt for å sjå korleis lenka blir sjåande ut.
  2. I Content Studio skroller du heilt ned i venstre-menyen på lokallagssida til «SEO»-delen.
  3. Her kan du sjølv skrive inn ønskja tittel (første linje) og skildring (andre linje). Du kan òg byte til eit anna bilete om du ønskjer det.
  4. Gå tilbake til «Sharing Debugger», søk opp sida til laget ditt og trykk på «Scrape again»-knappen. Neste gong lenka til lokallaget blir delt vil den nye informasjon bli vist.

 

Rettleiing: Den avanserte varianten

Fylkeslag som ønskjer det kan få ein kopi av Fjell og Testane lagt inn på fylkessida si så dei kan gjere endringar i «malen» heller enn å bygge den frå botn av sjølv.

Det kan vere lurt å ha sett gjennom dei tre filmane tilhøyrande «den enkle varianten» over først.

Parantesen viser kor lang kursvideoen er.

  1. Marker fylkeslaget/lokallaget du ønskjer å lage valkampside for.
  2. Vel Ny -> Artikkel
  3. Skriv inn namn på artikkelen (blir brukt internt i Content Studio).
  4. Legg til artikkelbilete. 
    • Sjå Del 5: Opplasting og organisering av filar for meir info.
    • Om du har ein video på Youtube eller Vimeo er det mogleg å legge inn denne i staden for eit bilete. Ein filmlenke vil alltid overstyre artikkelbiletet.
  5. Skriv inn tittel for artikkelen/sida di.
  6. Skriv ein ingress (feltet heiter Undertittel).
  7. Skriv inn ein brødtekst (feltet heiter Beskrivelse).
  8. Trykk på Marker som klar (dette er det same som å lagre sida utan å publisere den).
  9. Trykk på Forhåndsvisning for å sjå gjennom sida før du publiserar.
  10. Trykk på Publiser når du er fornøgd og klar til å gjere sida offentleg tilgjengeleg.

Artikkelbiletet har fleire ulike val for korleis den kan sjå ut. 

  1. Om det er første gong du gjer dette:
    1. Trykk ein gong på artikkelbiletet i førehandvisinga.
    2. I menyen som kjem fram trykk på Tilpass side.
    3. Trykk ein gong til på artikkelbiletet i førehandvisinga.
    4. Du skal då ha fått opp ein meny på høgre side som heiter «Choose Layout».
  2. Om du har gjort det før kan du hoppe over punkt 1 og 2.
  3. I nedtrekksmenyen under «Choose Layout» kan du velje den utsjånaden du ønskjer å bruke.
  4. Trykk på den grå knappen det står Bruk på heil nedst i menyen på venstre side.
  5. For å endre utsjånaden att må du du trykk på knappen med dei tre prikkane, og så på Tilbakestill før du kan velje ny utsjånad.
  6. Hugs å trykke på Bruk (jf. punkt 4) for å lagre valet ditt.

For å vise relatert innhald, relaterte politiske saker og relaterte personar må du inn i same meny som i Del 2, og huke vekk "Skjul relaterte personer" osb. for dei felta du ønskjer at skal vere synlege.

Relatert innhald

Dette er meint som ein enkel måte å vise til andre artiklar og undersider som kan vere relevante for lesarane. Målet er å halde lesarane på nettsidene til Senterpartiet så dei får svar på alt dei treng å vite for å kunne røyste på oss i valet. 

Relaterte politiske saker

På Senterpartiet.no har me ein såkalla «A til Å» med korte artiklar om mange ulike politiske saker. Denne er utarbeidd basert på sist vedteke partiprogram. 

Du kan velje opp til fire politiske saker. Du kan òg justere kva rekkefølgje dei skal stå i.

Relaterte lag

Mest relevant når du lagar nyhendeartiklar og pressemeldingar, men kan vere fint for andre typar sider òg. 

For at ein artikkel skal bli vist under «Aktuelt i [kommune]» på fylkes-/lokallagssida di  du ha valt det aktuelle fylket/lokallaget som relatert lag. Likeins for at den skal bli vist på sjølve aktueltsida når du trykkar på «Les flere saker her»

Relaterte personar

Om du har laga eit personkort, eller det finst eit personkort inne på senterpartiet.no frå før, så kan du legge til dette kortet som relatert person. Då vil du få fram kontaktinformasjonen som er lagt inn på dette personkortet.

Trekkspel, eller Accordion som det heiter i Content Studio, er den første makroen i denne kursrekka. Du finne alle makroane ved å trykke på ikonet som ser ut som eit film-ikon. Det ligg mellom Image og Link i redigeringsmenyen.

  1. Rull ned til Accordion i menyen på venstre side.
  2. Kvar enkelt flik må ha ein tittel (som alltid er synleg) og ei skildring (som blir synleg når den er klikka på). 
  3. I brødtekstfeltet for sjølve artikkelen trykker du på makro-ikonet.
  4. Vel Accordion i nedtrekksmenyen.
  5. Trykk på den blå knappen det står Sett inn på.

 

Å ha strukter på bileta og vedlegga du lastar opp i Content Studio er veldig lurt, og krev eigentleg ikkje så mykje arbeid. Samstundes som det kan spare deg for mykje arbeid seinare.

Til dømes er det slik at om du laster eit biletet rett opp i ein artikkel vil alle få tilgang til å bruke dette biletet i sin eigne artiklar. Om du skulle finne på å avpublisere eller slette artikkelen seinare, vil biletet du lasta opp også bli avpublisert/sletta. Om biletet er brukt i ein anna artikkel som er publisert vil biletet forsvinne derfrå, og skape eit dårleg inntrykk for dei som les den.

Bruk gjerne mapper for å sortere opplastingane dine.

I denne delen av kurset skal me ta i bruk komponenten part. Det er ein måte å manipulere det vanlege designet og legge til store design-element. Det er dette dei store «Slipp her» områdene er til.

  1. Opne komponentmenyen.
  2. Dra Part frå komponentmenyen og til ønskja «Slipp her»-felt.
  3. Vel Candidates i nedtrekksmenyen.
  4. Bruk menyen på høgre side til å skrive inn namn og alder, legge inn bilete og vel bakgrunnsfarge for kandidatkortet.
  5. Legg evt. til lenke til kandidatside (Sjå Del 11: Å lage ei kandidatpresentasjonsside).
  6. Trykk på Legg til for å legge til fleire kandidatkort.
  7. Hugs å trykke på den grå Bruk-knappen nedst på sida for å lagre endringar.

Merk at parten er basert på eit oppsett på tre og tre kort. Om du berre lagar ein eller to vil det sjå ut som at noko manglar.

 

I denne videoen ser du korleis du lagar ei fylkeslisteside frå A til Å ved å bruke det du har lært så langt i kurset.

For å gjere ei lenke om til ein knapp må du skrive inn [ knapp ] og [ /knapp ] før og etter lenka (utan mellomrom). 

Kompententen redigeringsprogram opnar for å legge til eit nytt brødtekstfelt i designet. Det kan vere mange grunnar det det. I dei to videoane over brukar me det til å legge inn ein knapp og ein tittel.

Same oppskrift som Del 6: Komponent – Part berre at du vel redigeringsprogram i staden for part.

I denne videoen ser du korleis du enkelt lagar ei kandidatpresentasjonsside som kan bli kopla opp mot kandidatkorta frå Del 6.

Faktaboks kan vere eit fint element å legge inn for å løfte fram enkelte detaljar eller framheve nokre frakta frå artikkelen. 

  1. Rull ned til Factbox feltet i venstremenyen.
  2. Trykk på Legg til.
  3. Vel eit namn på faktaboksen (berre brukt internt i Content Studio).
  4. Vel farge (grøn eller beige) og posisjon (venstre eller høgre).
  5. Under Factbox Item trykk på Legg til.
  6. Skriv inn tittel og tekst som skal stå i faktaboksen.
  7. Du kan legge til fleire faktabokselement i same faktaboks (vil alltid stå saman) eller fleire faktaboksar (kan bli lagt til på ulike stader i artikkelen). 
  8. Vel Faktaboks frå makro-menyen.
  9. Om du har fleire faktaboksar skriv inn kva for ein. Den øvste faktaboksen i lista er 1, den under er 2 osb.

  1. Vel Quotation frå makro-menyen.
  2. Skriv inn ønskja sitat.
  3. Trykk Sett inn.

Utheva sitat blir alltid plassert på venstre side. 

Teljekorta blir brukt for å framheve enkelte tal som er viktige for ei sak. Det finst to ulike makroar for dette.

  • Counting 3 cards
    • Om du ønskjer tre teljeboksar ved sidan av kvarandre på tvers av artikkelen.
  • Counting 1 card
    • Om du berre ønskjer ein enkelt teljeboks anten på høgre eller venstre side av teksten.

Anker eit ein type lenke som er intern for den sida du er på. Du kan ha fleire anker på ei side for å kunne «hoppe» frå eit avsnitt til eit anna.

  1. Lag anker
    1. Plasser markøren der du vil sette inn ankeret. Du kan òg markere ein tittel eller eit ord som du ønskjer at skal vere anker.
    2. Trykk på knappen Anchor med flagg-ikon.
    3. Skrv inn eit unikt namn på ankeret. Ingen anker kan heite det same.
  2. Lag menyen
    1. Skriv inn det du vil at dei ulike lenkene skal heitte og legg gjerne inn eit skiljeteikn mellom dei.
    2. Når du gjer dei til lenker vel du ønskja anker frå Anker-fana i lenkemenyen.
  3. Om ønskjeleg kan du legge til lenker innimellom avsnitta som tek lesaren tilbake til toppen av sida.
    1. Skrive «Til toppen» eller tilsvarande og gjer det til ei lenke. Vel artikkelen du redigerar under Innhold-fana i lenkemenyen.

Den siste komponenten me skal lære om i dette kurset er Fragment. Dette er komponentar du ønskjer å bruke fleire plassar. Anten på same artikkel, eller på tvers av ulike sider på nettsida. Fordelen med fragment er at du då kan redigere same komponent på fleire stader samtidig. I enkelte tilfeller kan dette spare deg for mykje tid.

I dette dømet skal me lage ein meny med redigeringsprogram-komponentet og gjere det om til eit fragment.

  1. Lag menyen med redigeringsprogram-komponentet (sjå Del 9).
  2. Høgreklikk på komponentet så det blir market med blått og du får opp ein kontekstmeny.
  3. Trykk på Lagre som fragment.
  4. Gi fragmentet eit namn så du skjønar kva det er når du finn det i Content Studio, og publiser.
  5. Gå tilbake til artikkel-redigeringa.
  6. Frå komponentmenyen kan du no dra Fragment frå høgremenyen til den delen av designet du ønskjer å ha den. 
  7. Vel fragmentet du laga i punkt 2-4.

Menyen du laga i punkt 1 ligg no to stader på sida di. Neste gong du treng å oppdatere menyen kan du redigere direkte i fragmentet.

I denne videoen brukar me det me har lært så langt i kurset for å lage ei enkel pressemelding. Hugs å vel relatert lag for at artikkelen skal synast under Aktuelt.

Uthev tekst ved å trykke på ctrl+b / cmd+b

Kursiver tekst ved å trykke på ctrl+i / cmd+i

Understrek tekst ved å trykke på ctrl+u / cmd+u

  1. Kopier inn iframe-koden frå YouTube eller Vimeo i brødtekst-feltet.
  2. Skriv inn [ embed ] før koden og [ /embed ] etter koden. Men UTAN mellomromma før og etter embed.

[ embed ]<iframe width="560" height="315" src="https://www.youtube-nocookie.com/embed/ZQJh21PFHq0" title="YouTube video player" frameborder="0" allow="accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share" allowfullscreen></iframe>[ /embed ]